SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 105 skann 107

7.-9. klasse 105 Kristendommen og andre religionar og livssyn: Likskapar og skilnader som gjeld gudsbilete, menneskesyn, frelseveg og etikk. Fellesverdiar, åndsfridom og toleranse, å leve saman i respekt, samarbeid om felles oppgåver. Verdien av å ha eit livssyn eller ei tru. Uttrykksformer: Gudsdyrking, bønn, meditasjon, mystikk, livs- og dødsritar, høgtidsfeiring, song, musikk, dans, kunst- og kulturformer. Rettleiande liste over bibeltekstar, salmar og songar knytte til hovudemna Lista er eit utgangspunkt for arbeidet med bibeltekstar, salmar og songar i kristendomsundervisninga innanfor dei ulike hovudemna. I årsplanlegginga må ein vurdere kva for delemne tekstane og salmane skal knytast til, og kor omfattande arbeidet med dei skal vere. Mange av bibeltekstane kan med fordel brukast på fleire hovudemne. Det gjeld særleg hovudemna i etikk (7 og 8). Måten ein arbeider med tekstane på, må ein og sjå i samanheng med innhaldet i dei emna ein tek opp, elevføresetnadene og sjølve tekstinnhaldet. Tekstane må brukast på varierande måtar i undervisninga. Tala i parentes viser til desse hovudemna: (1) Gud og skaparverki '/ (5) Kyrkja og kristenlivet på (2) Jesus heimstaden (3) Bibelen (6) Kyrkja gjennom tidene (4) Mennesket og den (7) Du og eg kristne trua (8) Fellesskap og samfunn Det gamle i estamentet 1. Mos 1,1-2,4 (1,4,7) (Skapinga) » 3,1-19 (4,2) (Syndefallet) » 12,1 9 (3,4) (Abraham) 2. Mos 3,1 14 (3,1) (Mose kall) » 19,1-8 (3) (Pakta) » 20,1-17 (7,8) (Boda) 1. Sam 3 (3) (Herren kallar Samuel) Salme 8 (1,4) (Skapinga) » 23 (1,4) (Herren er min hyrding) » 32 (4,7) (Tilgjeving) » 103,1-14 (4) (Mi sjel, lov Herren!) » 121 (4) (Eg lyfter mine augo) » 139,1 18 (1,8) (Guds nærleik - Skapt på underfull vis) Jes 6,1-8 (1,3,6) (Heilag, heilag) » 9,2-7 (2) (Fredsfyrsten)
Skann 107 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 105». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/107/