SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 96 skann 98

Norsk m/skriftforming MÅL Undervisninga i norsk skal ta sikte på - å utvikle evna til å bruke morsmålet i tale og skrift, - å utvide kjennskapen til norsk språk, nynorsk og bokmål, og lære elevane å bli glade i morsmålet, — å ta vare på og styrkje leselysta og utvikle evna til å oppfatte og oppleve dei estetiske og etiske verdiar i diktinga, slik at elevane blir glade i god litteratur, — å øve elevane i å oppfatte dansk og svensk i tale og skrift. LÆRESTOFF I norsktimane skal elevane få større kjennskap til morsmålet og større evne til å bruke det, samtidig som dei skal få oppleve gleda ved å møte god litteratur. Elevane skal lære å gje uttrykk for sine tankar, meiningar og kjensler, munnleg og skriftleg, med klår, logisk og rett språkbruk. Norskopplæringa kan delast i følgjande hovudemne: 1 . Høyre og sjå 2. Munnleg bruk av språket 3. Lesing 4. Skriftleg bruk av språket 5. Språklære 6. Sidemålet Ein må ikkje sjå dette som skilde disiplinar i undervisninga. Ein må sjå faget som eit heile, og så langt det er mogeleg må alt lærestoffet presenterast i meiningsfylt samanheng. Det er viktig at elevane får møte språket i ulike situasjonar. Forutan utval av god litteratur bør ein dra inn dagspresse, vekepresse og reklame, og det språket barn og ungdom møter i bøker, blad, songtekstar, filmar, radio og fjernsyn, slik at dei lærer å vurdere ymse slag bruk av morsmålet. Elevane skal lære å bruke morsmålet sitt greitt og naturleg. Dei må få kjennskap til sidemålet, og dei bør venje seg til å forstå ulike dialektar. * Skriftforminga går inn som ein del av norskfaget. Denne opplæringa bør ikkje stå isolert, men koordinerast med norskfaget. Det vil ofte vere naturleg å samordne norskundervisninga med emne frå samfunns og naturfaga. I dei høgare klassane skal spørsmålet om kjønnsrollene drøftast grundig. Norsk spelar ei særs viktig rolle for å fremme jamstelling mellom kjønna, A B C og lesebøker for småklassane må gje eit variert bilete av interesser, aktivitetar og miljøbakgrunn hos kvinner og menn, jenter og gutar. Litteraturutval må tilgodesjå interessene til båe kjønna. Det er vel knapt noko fagområde som betre enn høvelege litterære tekster gjer det mogeleg å kome inn på tilhøve mellom kjønna på ein naturleg måte. Både jenter og gutar kan oppleve å kjenne seg sjølv att, og til å få djupare kjennskap til kjensler og reaksjonar hjå det andre kjønnet. Skolen skal lære elevane gode studievanar. Denne opplæringa kan ikkje knytast til eit visst fag eller til visse timar, men skal ha plass i all undervisning. Alle lærarar har
Skann 98 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 9

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 96». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/98/