SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 354 skann 356

354 Sjømannskap. Kjennskap til utstyr og bruk av utstyr som skal vere om bord i båten. Naudsignal. Farane og ansvaret ved å misbruke signalrakettar og andre naudsignal. Brannfare i ein båt. Rådgjerder mot brann. Brannsløkking. Manøvrering av båt. Kjennskap til livberging og oppliving etter innblåsingsmetoden (munn-til-munn-metoden). Navigasjon. Sikker kjennskap til navigasjon. Sjøkart, kartlesing og bruk av kart og kompass. Ansvar. Straffe- og skadebotsrettslege følgjer ved brot på lovføresegner og påbod. Tinging av trygdingar. For å få tildelt båtførarkort må ein ha fylt 16 år, men ein kan gjerne ta prøva tidlegare. Da får ein eit diplom, som kan bytast inn i båtførarkort når ein har fylt 16 år. Opplegg for halvårskurs på 1-2 timar i veka. 1. Sjøvegsreglane. 2. Kart og kompass. 3. Sjømannskap. Utstyr i båten m.m. 4. Fyr og lykter, fyrkarakterar. 5. Brann om bord. Det er ynskjeleg med demonstrasjon av brannsløkkingsmateriell for båtar. 6. Navigering — generelt. 7. Navigering - peilingar m.m. 8. Sjømerke - faste og flytande. 9. Sjømannskap - mann over bord, livberginga munn-til-munn-metoden (MTM-metoden) - når dette ikkje elles går inn i undervisninga. 10. Sjømannskap — drivanker, sleping. Ansvar — trygding. Førarprøve for lett motorsykkel. Motorsykkelførarar skal ha kjennskap til ein del føresegner i vegtrafikklova, forskrifter til lova, trafikkreglar og einskilde andre føresegner. I handbøker om førarprøve står dei føresegnene som ein må kjenne til. Desse bøkene nemner også konstruksjon og verkemåte til motorkjøretya, og dei gjev praktisk rettleiing om førarprøve. Førarprøva for alle førarkortklassar omfattar ei teoretisk og ei praktisk prøve. Førarprøva for førarklasse 3 - for lett motorsykkel og for stor motorsykkel - omfattar dessutan nokre særreglar. Ein må vere 16 år for å få førarkort for lett motorsykkel. Når innehavaren fyller 18 år, vil dette førarkortet også gjelde for stor motorsykkel. Øvingskjøring er tillaten for person over 15^2 år når kvalifisert person følgjer med. Kurset for førarprøve for motorsykkel bør koordinerast med den obligatoriske trafikkopplæringa for 9. klassesteget og den obligatoriske undervisninga i førstehjelp. Opplegg for halvårskurs på 2 timar i veka for 9. klassesteget. 1. Trafikkreglane. Lokale trafikkproblem. 2. Barn, ungdom, vaksne og eldre i trafik- ken. Narkotiske middel og trafikk. 3. Førstehjelp ved trafikkulykker. 4. Konstruksjon og verkemåte til motorsykkelen. Behandling og vedlikehald. 5. Grunnleggjande kjøreteknikk. Livssynsorientering Undervisninga i livssynsorientering tek sikte på å orientere elevane om ulike livssyn og religionar, og gje elevane innsyn i etiske problemstillingar. Undervisninga skal vidare hjelpe til med å skape forståing for verdien av eit personleg livssyn, og gje forståing og respekt for ulike oppfatningar i trus- og li vssynsspørsmål . Ein kan gje emnet som alternativt tilbod til elevar som er fritekne for undervisning i kristendomskunnskap eller som vanleg valtilbod til alle elevane. I siste tilfellet reknar ein med at årskurs på to timar, helst på 9. klassesteget, er mest formålstenleg.
Skann 356 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 354». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/356/