SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 310 skann 312

310 5. Zoologisk avdeling med fugleholkar, fuglebrett, eventuelt biekube, basseng til fisk og amfibium, sandinnhegning til krypdyr (terrarium). NB. Dei ulike avdelingane bør helst innordnast i eit samla felt, men kan i spesielle tilfelle leggjast kvar for seg omkring i skoleanlegget. RETTLEIANDE ARBEIDSPLANAR 1.-3. klassesteget Plantestell inne om våren : Groing av potet, oppaling av solvendel, prydbønne, japansk humle. Plantestell utandørs, eventuelt under plast i strøk med dårlege vekstvilkår: Dyrking av potet, bygg, havre, kveite, rug, reddik, mainepe, gulrot, kålrot, graslauk, persille, ringblom, solvendel, æveblom, japansk humle. 4.-6. klassesteget Plantestell inne om våren : Spiring av korn og reddik. Oppaling av blomsterert, blomkarse, graskar, sukkermais. Plantestell ute, (eventuelt under plast) : Dyrking av sukkerert, blomsterert, blomkarse, graskar, kålrot, broccoli, sukkermais, sukkerbete, lin, honningurt, kepalauk, sjalottlauk, gladiolus. 7.-9. klassesteget Plantestell innandørs: Driving av blomsterlauk som juletasett, preparerte hyasintar, tulipan. Driving av avskorne greiner av bjørk, selje, doggpil, lerketre, søtkirsebær, gullbusk, sibirkornell. Vegetativ øksling av striperenner, ynglesildre, barn på mors fang, vandrejøde, sebrablad, flittig-lise, spragle, kongebegonia, fuglenebb, kypergras. Emne som høver til praktisk/ teoretisk gjennomgåing i barneskolen og ungdomsskolen. Korleis jordsmonnet har vorte til, grøfting - gjødsling og jordarbeiding, øksling av plantar generativt (ved såing), stell i veksttida, ugras, plantevern (insekt og sjukdomar), hausting og lagring, litt om krava til visse viktige grønsaker, frukttre, bærbuskar og prydplantar, og litt om anlegg og stell av prydhage (plen, blomsterbed, fjellhage, fuglebad, heller), gode reiskapar (bruk og stell av dei ; ein legg særleg vekt på å øve inn rett kroppsbruk og arbeidsteknikk). Sjå elles supplementsheftet med metodisk rettleiing om undervisning i skolehage og plantestell. Norsk Skolehagelag vil og kunne stå til teneste når det gjeld framlegg til undervisningsopplegg på alle steg i grunnskolen. LÆREMIDDEL Lysbilete, biletband, film. Flanelltavle. Modellar. Tørrpreparat og væskepreparat. Utstyr til pressing av plantar. (Kontaktpapir.) Etikettar. Reagensglas. Blomstervasar og hyasintglas. Blomsterpotter og -kasser til spiring og oppaling av plantar (ferdige klassesett: Skolegro og Minigro). Blomsterjord, leire, sand, sagflis. Hagereiskap: Spadar, spadegreip, plantehakker, river, plantepinnar, skyflar og vasskanner. Dessutan : Hagesaks, trillebår, plastposar, skalpell, skarp kniv eller barberblad. Samlingar som elevane i stor mon kan vere med på å skaffe, bestemme og systematisere : Frøprøver, ordna i glas (reagensglas) og i plastesker. Kunstgjødselslag, ordna i glas og i plastesker. Skadeinsekt, ordna i glas og plastesker. Preparat av plantesjukdomar, ordna i glas og plastesker. Plantevernmiddel (NB avlåst), ordna i glas og plastesker. Jordprøver : Humus, leire, sand, grus - ordna i kasser. Bergarter, mineral, fossil - ordna i kasser. Kulturplantar og ugras, herbarium og preparat. Det trengst elles ei allsidig samling av oppslagsbøker og lærebøker. Vidare er det ynskjeleg med plantesamling både innandørs og utandørs i barneskolen og i ungdomsskolen. Det er behov for rom til hagereiskap m.m.
Skann 312 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 310». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/312/