SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 300 skann 302

300 fram hos mange unge. Ei etisk vurdering som understrekar at ein skal vise ansvar og ta omsyn andsynes det anna kjøn, har større utsikt til å bli forstått og akseptert. Det er også viktig å vere merksam på at elevane kjem frå heimar og miljø som kan vere prega av svært ulike moraloppfatningar. Dette gjeld ikkje minst synet på seksualliv og seksualmoral. Den orientering skolen gjev, må vere i samsvar med dei overordna mål skolen har og både i innhald og form hjelpe til å ta vare på og styrkje tillitsforholdet mellom heim og skole. Berre få elevar får sine første opplysningar om forplantningsforhold i skolen. Det er i første rekkje ei oppgåve for heimen å gje slik orientering. Av mange grunnar er det fleire heimar som ikkje løyser oppgåva si på dette feltet. Men også elevar frå slike heimar har oftast fått visse opplysningar frå andre kjelder. Skolen skal syte for at naudsynt og påliteleg opplysning når fram til alle elevar, og ein må korrigere eventuelle feiloppfatningar som elevane måtte ha. LÆRESTOFF 1.-3. klassesteget Heimstadlære. Elevane får enkle opplysningar om forplantninga hos somme av dei plantar og dyr som dei får høyre om i heimstadlæra. Særleg viktig er det at ein på dette tidlege steget får innarbeidd visse fagord, og at omgrepet befruktning blir forklart som sameining av eggcelle og sædcelle. Når det gjeld forplantninga hos mennesket, må elevane få saklege og korrekte svar på eventuelle spørsmål. Svara bør ikkje gå ut over ramma for spørsmålet. Detaljerte skildringar av anatomiske og fysiologiske tilhøve er som regel uturvande og ofte uheldige. 4.-6. klassesteget Biologi og helselære. Ein gjev ein meir utførleg omtale av forplantningsforholda hos fiskar (t.d. torsk), amfibium (t.d. frosk), fuglar (t.d. høne) og pattedyr (t.d. ku). I denne samanhengen innfører ein nye fagord med tilknyting til forplantningsfunksjonen. Det gjeld nemningar som eggstokk, eggleiar, livmor, skjede (vagina), testikkel, sædleiar, penis. Ein tek opp ei rekkje fenomen i samband med forplantningsfunksjonen, t.d. yngelpleie, reirbygging, vandringar, sekundære kjønnskarakterar (fjørklednad m.m.). Kjønnsorgana hos mennesket (enkel framstelling). Kort omtale av befruktning og fosterutvikling hos mennesket. Litt om sekundære kjønnskarakterar. Menstruasjon. Pollusjon. Onani. Litt om sjelelege forandringar i overgangsalderen. Respekt i omtalen av det som har med kjønnslivet å gjere. Seksuelle ytringar som skil seg frå dei vanlege, bør nemnast (homoseksualitet, ekshibisjonisme). Kristendomskunnskap. Tilhøvet mellom barn og foreldre. Det fjerde bodet. Kva heimen har å seie for den enskilde og for samfunnet. Det sjette bodet. 7.-9. klassesteget Biologi og helselære. Kort repetisjon om kjønnsorgana, bygnad og funksjon. Befruktninga som samanføring av arvestoff frå foreldra. Kjønnsceller lagar seg ved celledeling. Enkel framstelling av delingsprosessen (kromosom med arveanlegg) . Overføring av sædcellene og sameining av kjønnscellene. Sterilisasjon og prevensjon (prinsippa, ikkje rettleiing). Fastsetjing av kjønn. Litt om arv hos mennesket. Fosterutviklinga i korte drag med vekt på organutviklinga og den sterke veksten i siste delen av svangerskapet. Korleis fosteret får næring og vern (morkake, navlesnor, fostervatn, fosterhinner . Kva svangerskapet krev av kvinna. Omsynet til den gravide kvinna. Skadar fosteret kan bli utsett for. Abort. Fødselen. Barnet er avhengig av omsorg og stell etter fødselen. Kva dei første barneåra har å seie for utviklinga seinare. Puberteten. Ein noko grundigare omtale av kroppslege og sjelelege forandringar i samband med puberteten. Hormon. Seksualdrifta har ulik karakter hos dei to kjønna. Onani. Kjønnssjukdomar (syfilis og gonoré) blir behandla som infeksjonssjukdomar. Vekt på smittemåtar og dei første symptoma. Det er viktig at ein har plikt til å søkje lege snarast mogeleg. Kort omtale av homoseksualitet og ekshibisjonisme og andre seksuelle ytringar som skil seg frå det vanlege. Samfunnskunnskap. Lovføresegner om lysning og vigsel. Rettar og plikter i ekteskapet og ved skilsmål. Arveretten for ektemake og barn. Situasjonen for barn fødde utanfor ekteskap. Ansvar for barn utanfor ekteskap, særleg økonomisk.
Skann 302 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 300». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/302/