SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 299 skann 301

299 Forplantninga Som ein av livsfunksjonane er forplantninga eit naturleg emne i biologiundervisninga i grunnskolen. Denne livsfunksjonen må ikkje bli sett i noka særstilling i undervisninga. Elevane må fa opplysning om forplantninga som om andre emne, heller ikkje må emnet fa ei meir overflatisk handsaming enn dei andre livsfunksjonane. Forplantninga og emne med tilknyting til forplantningsforhold bør heller ikkje skiljast ut slik at ein gjennomgår dei lausrivne frå sin faglege og pedagogiske samanheng. Undervisning om forplantningsforhold og seksuell utvikling er i dag mykje meir akseptert enn før. Undervisninga har etter at den blei obligatorisk i skolen,, kunne gå føre seg i ein stadig meir open atmosfære og på ein meir naturleg måte. Behovet for undervisning i delte klassar med gutar og jenter kvar for seg er ikkje det same som før. Deling av klassen etter kjønn når ein underviser i forplantning, vil derfor i høgare grad enn før setje emnet i ei særstilling. På barnesteget må 'elevane få kjennskap til forplantninga hos plantar og dyr, og dei må få sakleg og korrekt kunnskap om forplantningsfunksjonane hos mennesket. Forplantninga hos plantar og dyr er ein del av den biologiundervisninga som elevane får i heimstadlære dei første skoleåra. På 4.-6. klassesteget får dei ei grundigare orientering om plantar og dyr i naturleg miljø. Emne om forplantninga må da utdjupast saman med det andre botaniske og zoologiske stoffet. Heilt frå 1. klassesteget må elevane få saklege og korrekte svar også på spørsmål som gjeld forplantninga hos mennesket. På 4.-6. klassesteget blir forplantninga hos mennesket teke opp som eige undervisningsemne. Elevane bør lære å sjå på forplantninga som ein naturleg livsfunksjon hos alle organismar, og venjast til å vise alvor og respekt i omtalen av det som har med denne livsfunksjonen å gjere. På ungdomssteget er elevane meir mogne, og det blir både mogeleg og naudsynt å utvide ramma for undervisninga. På 9. klassesteget må ein utdjupe kunnskapane om forplantninga hos mennesket, og saman med dei biologiske må ein og omtale psykologiske, sosiale og etiske sider ved emnet. Undervisninga kjem dermed til å gå ut over forplantningsfunksjonen i snever forstand. Ei slik undervisning krev samarbeid mellom lærarar i fleire fag, spesielt biologi, samfunnskunnskap og kristendomskunnskap. Også gjennom litteraturlesnad i norsk kan elevane fa hjelp til å forstå dei problem den fysiske og psykiske utviklinga kan føre med seg. Det reint biologiske stoffet må først og fremst omfatte hovuddraga av dei normale forplantningsfenomena med befruktning, fosterutvikling og fødsel. Men elevane må og fa kjennskap til kva abort, sterilisasjon og prevensjon er. Praktisk rettleiing i prevensjon høyrer ikkje med til undervisninga i grunnskolen. Ein medisinsk sakkunnig kan eventuelt gje rettleiing om bruk av ymse typar preventive middel til einskildelevar, i samråd med dei føresette. Elevane må fa opplysningar om dei viktigaste kjønnssjukdomar. Denne orienteringa bør ein gje når ein gjennomgår infeksjonssjukdomane. Framstellinga må vere sakleg og korrekt, og ein må vise takt og varsemd. I mange klassar kan det vere stor skilnad på kor mogne elevane er. Når ein legg opp og gjennomfører undervisninga, må ein ta omsyn både til denne spreiinga og til den naturlege blygskap som pregar mange unge når det gjeld seksuallivet. Vulgærnemningar må haldast borte frå undervisninga. Saman med den kroppslege utviklinga i overgangsalderen må også den sjelelege utviklinga omtalast. Orienteringa om dei sjelelege forandringane vil hjelpe elevane til å forstå somme av dei vanskane som følgjer med overgangsalderen, og det vil vere eit naturleg utgangspunkt for den oppseding skolen ynskjer å gje. Eit viktig siktepunkt for denne oppsedinga må vere å hjelpe elevane til å forstå det ansvaret kvar einskild har for si åtferd når det gjeld seksuallivet. Ansvaret gjeld omsynet til personlegdomsvekst og til eiga og andres velferd, til heim og samfunn. I samband med dei etiske momenta i undervisninga må ein vere merksam på visse vanskar. Fleire av problema på dette området er berre i liten mon aktuelle for elevar i grunnskolen. Mange elevar har i overgangsalderen ei kritisk innstilling til heim og familie, og spesielt hos gutane er tanken på ein framtidig eigen heim svært fjern. Ei undervisning som einsidig appellerer til familiekjensle og ansvar for eigen heim i framtida vil derfor ha vanskeleg for å vinne
Skann 301 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 299». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/301/