SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 250 skann 252

250 der glaset blir klemt mot mjukt underlag. Kjøpt bag blir innreidd med mjuke rom for personleg fotoutstyr. - Grammofonskåp, med høvelege mål for plater og grammofon. Måla sponplate. Høgtalarkabinett: Som gruppearbeid, etter grundig studium og kritisk vurdering av teikningar. Kva er det som avgjer lydkvaliteten? Kan kassa gjerast lågare, berre volumet er det same? Vi godtek oppgjevne mål, men berre når det er sakleg grunn for det. Modellfly. Seglfly eller fly med motor. Kanskje tomannsgruppe om eitt fly, etter grundig studium av teikning. Vi godtek teikninga berre der vi finn at det er viktig for flydugleiken. Elles står vi fritt i utforminga. Reiskap: Kniv med slire. Til fiske: Sluk. Hagereiskap. Dekor er overskotsområdet i forming. Det er ikkje tale om å lage tinga, men om å pynte dei. Bilete kan og pyntast og bli dekorative. Og bruksting kan pyntast med måling, trykk, saum, punsling, rissing, skjering. Dekoren kan også gjere forma synlegare. 4.-6. klassesteget. Bilete: Dekorativ fugl, måla med vassfarge. Fuglen er nærmast eit påskot for å dekorere, pynte ei flate. Flatedekor på stoff som sidan blir sydd til klede, posar 0.1. Kanskje utvaska laken som kan dekorerast og bli til kostyme på klassefest eller i dramatisering. Tekstilfargar måla med store penslar eller kostar. Eller potettrykk: Overlappande mønster utan freistnad på å gjere det regelrett. Arbeidet blir gjort samtidig over heile stoflbiten, og mønsteret blir etter kvart tettare og tettare. Det ujamne kan da fordelast, så sluttresultatet blir jamt. På papir til bokbind, julegåvepapir. Uro av halm, papir, metallfolie, tekstilar osv. Figurativt eller som rein dekorativ form. Teksturering av keramikkflis med stempling. Vassfargar, eventuelt begitningsfargar og klår glasur. Blomstrar blir arrangerte saman med andre vokstrar. Gjerne ville blomstrar (ugras) plukka der vi ikkje gjer skade i naturen. Til pynt i klassen. 7.-9. klassesteget. Fargeklang frå naturen blir henta inn og gjev grunnlaget for utkast til lita knytt rye. Blir forenkla under arbeidet, så resultatet liknar kanskje lite på utkastet. • Tekstiltrykt bord på t.d. serviettring, blomstervasebrikke, løpar, pute, forklelomme, skjørtekant, vams. Utgangspunkt er t.d. naturformer frå skisseblokk, stiliserte og omlaga til tett, fast bord. Dekorasjon med sting: Fritt broderi med nye, uvante sting eller kjende sting på nye måtar, gjerne med perler, knappar, metallbitar og annan pynt. Motiv: «Dei heilage tre kongar». Grunnsaumar og annan prydsaum brukt på grunnlag av eigne skisser. Utgangspunkt t.d. naturformer, geometriske figurar, bokstavar. Arbeid med stilisering og forenkling. Fritt broderi, gjerne kombinert med applikasjon. Motiv: «Fiskar i stim», «Gammal by», «Tre med fuglar». Til innføring: Døme på dekorative uttrykksformer i folkekunst og i kunst frå vår tid. Greiner, strå, tørka vokstrar med frøformer 0.1. blir arrangerte til pynt i klassen eller ved tilstellingar på skolen. Elevane samlar materialet sjølv. I innføringa: Blomsterarrangement i Japan. Konfirmasjonstelegram, bordkort 0.1. med tørka vokstrar og frøformer som dekor. Veteranbil : Etter studium av veteranbilar (tog, fly) får fantasien sleppe til med respektlaus tredimensjonal gjendikting. Papirkjøretya blir dekorerte hemningslaust. Kunstinspirasjon : Frodig dekorert folkekunst. Smykke, i tre, horn, plast, keramikk, tinn, emaljert kopar, metalltråd. Tinn kan etsast, støypast, til dekorativ form og overflate. I smelta emalje kan ein teikne dekor. Vanskeleg spørsmål for drøfting: Kva er det som gjer ei form eller ein dekor tiltalande? Smykke ein kan lage er t.d. brosje, jakkemerke, hengjesmykke, kjede, øyreklips, hårnål eller hårspenne, ring, armband.
Skann 252 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 250». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/252/