SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 204 skann 206

204 etter dei lokale tilhøva. Dei fådelte skolane har spesielle problem, men også visse føremoner i så måte. Sjølv om planen er systematisk oppbygd og har som føresetnad ei grundig planlegging av undervisninga, skal ikkje dette hindre at ein av og til let utgangspunktet for undervisninga vere aktuelle hendingar som har fanga interessa til elevane: ein film, ei bok, studiebesøk, hendingar heime og ute som er omtala i aviser, radio og/eller fjernsyn. I ein plan for eit heilt skoleår eller ein del av eit skoleår, kan det vere nyttig og stimulerande å bryte den . oppdregne linja, og byggje opp eit arbeid med utgangspunkt i aktuelt stoff. Dette kan gjere arbeidet meir interessant og meiningsfylt. «Aktuelt stoff» er derfor ført opp som eige interesseområde for kvart av dei seks klassestega i barneskolen. 1.-3. klassesteget 1 . Barnet i heim og skole. 2. Naturen. 3. Samfunnet. 4. Aktuelt stoff. 4.-6. klassesteget 1. Skolen - arbeidsplassen min. 2. Plantar og dyr på heimstaden. 3. Solsystemet. 4. Jorda - vår klote. 5. Vi er alle menneske. 6. Dei gamle kulturrika. 7. Norden. 8. Forandring og framsteg. 9. Vi forskar sjølv. 10. Dei fem verdsdelane. 1 1 . Kva ansvar og vilkår mennesket har. 12. Aktuelt stoff. Aktuelt stoff: Dette området skal gje orientering om viktige aktuelle og tilfeldige og /eller årvisse hendingar, situasjonar og tiltak. Her kan ein nemne nokre døme : Aktuelt tilfeldig stoff: Viktige møte og samkomer, romfart, ulykker, brannar, naturkatastrofar, hjelpeaksjonar, vitjing av utanlandske statsmenn, prisutdelingar. (Aktuelle ting som blir omtala i radio, fjernsyn, aviser.) Årvisst og tilbakevendande stoff: Sport (OL, VM, NM), val heime og ute, miljøvett (fjell-, sjø-, trafikk-, naturvett), helg og høgtid (jul, påske, pinse, 1. mai, 17. mai), feriar, samarbeidsoppgaver skole - heim. RETTLEIANDE ÅRSPLANAR 1. klassesteget Barnet i heim og skole Skole og kameratar. Bli kjend på skolen (rom, skolegård, omgjevnader) . Klassen min (forhold til kameratar i leik og arbeid, ordensreglar). Språk. Dialektar. Leik og leikesaker. Dei som hjelper oss på skolen (skolestyrar, lærarar, vaktmeister, anna personale, skolelege og skoletannlege). Heim og familie. Kva er ein heim? Ulike familietypar. Dei ulike familiemedlemmene og arbeidet deira, hobbyar, gjeremål i heimen. Forholdet barn - foreldre/vaksne. Det nyfødde barnet (fosterutvikling, stell, ansvar) . Min plass i familien. Kven er eg? (kjennskap til kroppen og dei enklaste kroppsfunksjonane) . Helsereglar (kosthald, rikeleg søvn og mosjon, rett påkledning, hygiene, tannrøkt) . Klede og klima. Skolevegen. Trafikktryggleik til og frå skolen. Oppførsel på skoleveg /med skoleskyss. Trafikkpatrulje. Helg og høgtid. Advent (symbol, juleførebuing) . Jul (lage julepynt, dekorasjonar, julegåver, julekort, fest i klassen). Samiske juleskikkar. Jul heime og ute. Jul i andre land. Faste (fastelavnsris, skikkar i andre land). Påske (symbol, dekorasjonar). 1. mai. 17. mai (flagget, «Ja, vi elsker», barnetog). Pinse. Jonsok. Olsok. Naturen: Livet i naturen skifter med årstidene. Haust (tre, frukt, bær, grønsaker). Vinter (vanlege skogsdyr, småfuglar, miljøvett) . Vår (snøsmelting, spiring, vårplantar, flyttfuglar) . Sommar (husdyr, badeliv, naturvern).
Skann 206 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 204». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/206/