SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 187 skann 189

187 Samtalen må leiast slik at han stimulerer til ettertanke, øver opp evna til å vurdere og til å høyre på det andre har å seie. Sjølv om lærestoffet i geografi, historie og samfunnskunnskap er ført opp kvar for seg, bør det mest mogeleg handsamast som eit heile. Ein har å gjere med tre nærskylde fagområde, og koordinering av lærestoff vil vere nødvendig på alle steg i grunnskolen. Det som er særmerkt ved kvart fag, bør likevel komme sterkare fram på dei øvste klassestega. Ved periodelesing kan ein periode med eitt fag avløysast av ein periode med nærskyldt stoff i eit anna. Eit koordinert opplegg for samfunnsfag kan også byggje på emneundervisning. Ein set da saman lærestoff frå fleire av faga. Eit aktuelt emne for barnesteget kan vere «Heim og skole». Hovudparten av stoffet hentar ein frå samfunnskunnskap. Ved å ta med noko om skolen og heimen før i tida, kjem det historie inn i biletet. Gjennom geografistoffet knyter ein samband med andre land og forholda i andre verdsdelar. Praktiske aktivitetar i heimkunnskap, t.d. det å lage enkle matrettar frå gamle dagar og frå andre land vil gjere emnet meir livsnært og konkret. For ungdomssteget kan eit emne som «Utviklinga i industrien» tene som eksempel. Utgangspunktet for gjennomgåinga kan vere industrireising. Historiestoffet gjev oss bakgrunnen for utviklinga frå den industrielle revolusjonen fram til våre dagar. Frå geografien kan vi hente opplysningar om energikjeldene på jorda. Frå samfunnskunnskap vil det vere naturleg å ta med følgjene av industrialiseringa når det gjeld busetnad, sysselsetjing og daglegliv. Samfunnsfag og andre fag. Mellom samfunnsfag og andre fag er det og mange høve til koordinering av lærestoff og arbeidsoppgåver. Ofte er delar av lærestoffet i eit av samfunnsfaga meir i slekt med og nærmare knytte til fag utanfor denne faggruppa enn til lærestoff i dei andre samfunnsfaga. Dette gjeld i første rekkje naturfag, norsk, kristendomskunnskap, forming og heimkunnskap. Vilkåra for slik koordinering er best på barnesteget. Her bør same lærar undervise i alle dei faga i ein klasse der integrering kan komme på tale, og klasselæraren eller klasseforstandaren må organisere opplegget. På ungdomssteget, der faglærarsystemet vil vere meir utbreidd, kan ei koordinering også gjennomførast dersom faglærarane i ein klasse samarbeider om opplegget. Undervisninga i norsk kan samordnast med opplegget i samfunnsfag. Dette gjeld både munnleg og skriftleg norskopplæring. I norsk bør ein velje lesestoff som i innhald grensar opp til og utdjupar emne som blir behandla i samfunnsfag. Dette gjeld både fagleg stoff og skjønnlitteratur. Det finst litterært stoff som er knytt til historiske personar eller hendingar. Mange forfattarar tek opp aktuelle samfunnsproblem til debatt. Slikt stoff kan vere utgangspunkt for interessevekkjande norskundervisning og lesetrening samtidig som det utfyller undervisninga i samfunnsfag. Samordninga av norsk og samfunnsfag er særleg viktig på barnesteget. Her bør desse fagområda mest mogeleg utgjere ein heilskap. På ungdomssteget bør faglæraren i norsk samarbeide med den læraren som har samfunnsfag i same klassen. Også på desse klassestega er det store føremoner med ei slik samordning. Gjennom stoff som blir gjennomgått i samfunnsfaga, kan elevane få inspirasjon til oppgåver i formingstimane. På alle emneområde vil det vere stoff som på ein eller annan måte kan førast vidare ved aktivitetar som teikning, måling, klipping eller applikasjon. Elevane kan forme i leire og plastilin, eller arbeide med materialar som bork, tre, halm osv. Også i forming vil det vere lettast å samordne stoffet og aktivitetane på barnesteget. Men det er og høve til det på ungdomssteget. Emne frå kunsthistorie bør kunne koordinerast med den tilsvarande undervisninga i historie. Koordinering av undervisninga i samfunnsfag og musikk lét seg og organisere. På lågare steg gjeld det songar og musikkstykke med eit bestemt tema, eller stykke som er knytte til eit bestemt land. På høgare klassesteg bør musikkhistorisk stoff kunne integrerast med historieundervisninga elles. I kristendomskunnskap er det ein god del stoff som fell i tråd med det lærestoffet ein tek opp i orienteringsfaga. Dette gjeld både historisk stoff og stoff som gjeld kristen tru og moral. Dersom ei koordinering av lærestoffet i orienteringsfaga vinn fram, er det naturleg at ein på ein varsam måte dreg inn stoff frå kristendomskunnskap og i denne heilskapen. Orientering om dei store verdsreligionane skal ein gje i samfunnsfag. Det kan bli tale om kort innføring i grunnleggjande synsmåtar i hinduismen, buddhismen, taoismen, konfusianismen, islam og jødedomen. Ein bør og gje orientering om ateistisk og humanetisk livssyn og om religionsfridom - livssynsfridom i høve til lovgjevinga i Noreg. Tilsvarande punkt i menneskerettsfråsegnene kan det passe å ta opp i denne samanhengen.
Skann 189 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 187». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/189/