SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 179 skann 181

179 som ukontrollert utnytting av naturen kan føre med seg. Ein bør drøfte kva som er gjort, og kva som på lengre sikt kan gjerast for å minske øydeleggjande verknader av industrialiseringa. HISTORIE Lærestoffet i historie er kronologisk ordna i denne planen, men det vil ikkje seie at læraren er bunden til å følgje dette mønsteret. Stoffet er dessutan ordna i emne, og det bryt i nokon mon med den kronologiske inndelinga. Emna er ikkje sette opp slik at det eine emnet treng byggje på det andre. Fleire av emna kan ein sjå som sjølvstendige einingar, som kan behandlast uavhengig av dei andre, eller kombinerast med dei som tek opp nærskyldt stoff. Historiestoff frå langt tilbake i tida appellerer sterkt til interessa hos dei yngste elevane. Derfor høver det godt å ta til med dette stoffet på 4. steget. Ein stor del av stoffet på barnesteget er knytt til visse land og regionar. Denne undervisninga bør koordinerast med tilsvarande geografistoff for same klassesteget. Lokalhistorisk stoff bør utnyttast i undervisninga i den mon det er mogeleg. Mange stader i landet kan vår nasjonale historie knytast til fornminne og tradisjonar på heimstaden. I alle kommunar bør det utarbeidast ei oversikt over fornminne i kommunen og i det nærmaste distriktet. I kvar kommune bør det vere ei lokalhistorie tilrettelagd for skolen. Elevane bør oppmuntrast til å sjå på fornminne og historiske stader når dei er ute og reiser. Det kan vere helleristningsfelt, haugar, hus eller museum og samlingar av ulike slag. Skolen bør ta initiativet til historiske ekskursjonar og museumsbesøk så ofte som det er mogeleg. Noregshistoria vil naturleg nok få brei plass i undervisninga. Elevane må lære å forstå at det samfunnet vi lever i, er utvikla og forma av dei som har levd i dette landet før oss. Historieundervisninga skal hjelpe til å ta vare på vår nasjonale eigenart og identitet, men ho må ikkje føre til sjåvinisme og nasjonalt trongsyn. I samband med vår eiga historie bør ein ta med noko om våre nordiske grannar. Hovudvekta bør liggje på det som bind dei nordiske landa saman. Det bør leggjast vekt på å vise korleis dei nordiske landa i nyare tid har løyst all strid med forhandlingar og fredelege middel. Noreg og Norden må ein sjå som ein del av den vesteuropeiske kulturkrinsen. I denne samanhengen bør ein gjere det klårt for elevane at Noreg alltid har lege i utkanten av Europa - geografisk og kulturelt. Om ein ved gjennomgåing av felles europeisk stoff tek utgangspunkt i vår nasjonale historie, kan det føre til at elevane sit att med eit skeivt bilete av tilhøva. Historieundervisninga skal hjelpe elevane til å sjå stoffet i globalt perspektiv. Sjølv om ein legg etter måten stor vekt på vårt eige lands historie og utviklinga i vår kulturkrins, må ikkje elevane få inntrykk av at dette er den viktigaste delen av historia i verdsmålestokk. Stoff om framande kulturar og utviklinga i andre delar av verda må komme med, sjølv om dei ikkje har hatt beinveges innverknad på utviklinga i vårt land. I vår tid gjer internasjonale tendensar seg sterkt gjeldande på dei fleste områda, og det er viktig å understreke at dei nasjonale kulturane best kan gjere det internasjonale fellesskapet rikare når dei vert haldne ved like og fornya gjennom eit aktivt nasjonalt kulturarbeid. Historisk stoff frå andre verdsdelar må ein ikkje sjå berre frå europeisk synsvinkel. Historieundervisninga i grunnskolen skal ikkje berre vere historia til dei kvite. Ein bør prøve å få fram både det som er sams og det som er ulikt i ymse kulturar og epokar. Kvar epoke eller framand kultur må vurderast ut frå seg sjølv og sine eigne føresetnader. Orientering om den historiske utviklinga i visse område bør gje elevane større skjøn for situasjonen i dag og dei aktuelle problem i desse områda. Det kan vere nyttig å samle stoffet om ein historisk person som har gjort ein positiv innsats for si eiga tid og for ettertida. Dette er ofte den beste framgangsmåten på barnesteget, og han kan brukast på ungdomssteget og. Kulturhistorisk stoff må heile tida ha ein brei plass i undervisninga. På dei øvste klassestega er det naturleg at den politiske historia kjem sterkare med. Ein skal ikkje gå utanom konfliktar og krigar statane imellom, men i slike høve er det viktigare å kaste lys over årsakene til konfliktane og følgjene av krigen enn gangen i krigen. Skolen må dra fram personar som har
Skann 181 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 179». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/181/