SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 178 skann 180

178 bakgrunn for geografiopplæringa. Elevane lærer å forstå at heimstaden og det landet dei lever i, er ein del av den store verda. Læraren bør derfor kvart år innleie undervisninga med eit utsyn til verda utanfor Noreg og Europa. Aktuelle hendingar er elevane opptekne av. Geografilæraren må nytte ut dette. Ein må i det heile syte for at undervisninga i faget blir så tidsaktuell som mogeleg. Skildring av geografiske miljø må alltid ha stor plass i geografiundervisninga. Det vil oftast vere naturleg å behandle det miljøet først som elevane kjenner frå heimstaden sin. Mange stader er det rikt høve til å gjere direkte åtgåingar og lære geografiske omgrep på ein åskodeleg måte. Sidan kan ein ta for seg sentrale emne i den landsdelen der elevane bur. Ein treng ikkje plent ta for seg heile Noreg på 4. klassesteget. Noko av stoffet kan godt utsetjast til seinare skoleår. Dette gjer det mogeleg å ta opp emne frå andre land alt i 4. skoleåret. Det er viktig at elevane får mykje øving i å bruke geografiske hjelpemiddel. Ein kan ikkje unnvere namn og tal i denne opplæringa, men slikt lærestoff må avgrensast til det aller mest naudsynte. Namn øver ein ofte lettast inn ved kartlesing. Når det gjeld Norden og Europa elles, bør ein først gje ei naturgeografisk oversikt over heile verdsdelen. Deretter bør undervisninga konsentrere seg om vel avgrensa miljø, slik at ein t.d. tek opp viktige jordbruksstrøk, store industriområde, kjende hamnebyar 0.1. Det kan og vere tenleg å behandle enkelte land som emne. Lærestoffet om verda utanfor Europa bør konsentrerast om miljø som kastar lys over livet i ulike klimasoner på jorda. Utvalet bør vere eksemplifiserande. Miljøet i eit regnskogområde kan vere utgangspunkt for kjennskap til regnskogområde andre stader. Det er viktig å få fram korleis menneska har tilpassa seg natur- og klimaforhold. Ein må heile tida vere varsam med å bruke vår målestokk for effektivitet og dugleik når ein gjennomgår levevilkår og livsmønster hos menneske som for oss synest primitive. Skolen og lærebøkene må vere saklege i si framstelling. Ein må gå inn for å skape ei fordomsfri holdning til folk med annan religion, annan hudfarge, anna samfunnsoppfatning og andre skikkar enn hos oss. Orienteringa må vere å jour med den faktiske utviklinga. 4.-6. klassesteget På barnesteget bør ein og gje plass for emne som gjev eit tverrsnitt av livet på jorda, der ein kan samanlikne tilhøva i vårt eige land med tilhøva andre stader i verda - særleg i «utviklingslanda». Gjennom slike emne skal ein leggje vinn på å gje elevane eit vidt perspektiv og eit variert syn, og utvikle kjensla av ansvar for grunnleggjande problem som menneska i våre dagar står overfor. Undervisninga skal konsentrerast om miljø som kastar lys over livet i ulike delar av vårt eige land og i verda elles i våre dagar. Når ein gjennomgår stoffet, samlar ein det til emne der ein tek mest mogeleg under eitt det som er felles for eit større område. Ein må prøve å få fram samanhengen mellom natur og kultur, liv og arbeid, rolla til familien, arbeidet til dei vaksne og den stilling og dei vilkår barna har i ulike delar av verda. Fordjuping i utvalde emne vil vere ein naturleg framgangsmåte. Ein kan ikkje gjennomføre ei systematisk gjennomgåing av alle land og verdsdelar på desse klassestega. Ein må likevel syte for at elevane også får noko kjennskap til dei delar av verda som ligg utanfor vårt eige land. 7.-9. klassesteget Undervisninga byggjer på det grunnlaget som er lagt på barnesteget. På ungdomssteget må elevane få utdjupa og utfylt kunnskapane, og ein bør komme nærmare inn på årsaksforhold. Ein gjennomgår grunndraga i fysisk geografi, med særskild vekt på forhold som har innverknad på klima, næringsliv og levevilkår i ulike delar av verda. På både barneog ungdomssteget er det viktig å vise korleis menneska har tilpassa seg ulike og skiftande naturforhold, og korleis dei har nytta ut desse forholda til økonomisk og kulturell vekst. Ein bør kaste lys over ulike sider ved Noregs økonomi og Noregs plass i verdsøkonomien. Allmenne problem i produksjon og samhandel bør ein og ta opp, like eins folkesetnadsproblem. Næringslivet kan ein gjennomgå i tverrsnitt der ein tek for seg utviklinga og tilhøva i ulike delar av verda. Her bør ein særskilt ta for seg ulikskapen mellom industriland og utviklingsland. Det bør peikast på dei skadeverknader
Skann 180 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 178». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/180/