SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 113 skann 115

113 Under skrivinga og etter at ein øvingsperiode er slutt, bør ein stanse opp og ta tid til øvingar som gjev avspenning. Det kan vere lette pusteø vingar, ryggbøying og strekking, heil avspenning i arm, hand og fingrar, forutan frigjering frå skulder- og nakkestramming og samanbiting av tennene. Ei utilfredsstillande og avvikande handskrift kan ha si årsak i spenningar på psykisk grunnlag. Forholdet må ikkje undervurderast som slurv, men observerast og om nødvendig drøftast med dei føresette, skolelege og psykolog. Skrivestilling Eleven bør sitje rett framfor bordkanten og langt nok tilbake på stolen. Begge skuldrene skal vere i normalstilling. Handa og ein del av underarmen skal kvile ledug på bordplata med veslefingersida ned. Dei fleste held blyanten eller penneskaftet mellom ytste leddet på langfingeren og tommelfingeren og med ytste leddet på peikefingeren laust ovanpå. Skrivereiskapen er retta meir eller mindre oppover til høgre og kviler mot øvste leddet på peikefingeren. Nedste kanten av skriveboka kan ved loddrett skrift vere om lag parallell med bordkanten. Ved høgrehallande skrift dreiar ein boka noko over mot venstre i høve til bordkanten. Da skjer skrivinga ved at underarmen blir ført i boge ut frå olbogeleddet, medan underarmen ved loddrett skrift blir parallellflytta. Handa som ikkje skriv, held papiret og styrer det sakte oppover etter som det blir skrive på det nedover sida. Denne rørsla må øvast til ho blir automatisk. Førebuande skriveundervisning Elevane er svært ulike i skrivemotorisk utvikling når dei tek til på skolen. Ein del elevar treng ekstra hjelp for å kunne meistre dei grunnleggjande skriverørslene. I mange tilfelle kan dei leikast inn uavhengig av bokstavform og lyd. Både for auge og hand må retningsrørsla venstre - høgre øvast inn, og like eins den tilbakegåande rørsla til ny linje. Rableøvingar, rytmiske øvingar, bordøvingar og liknande kjem som medvitne føreøvingar til skrivinga. Dette er også tilfellet når ein øver inn elementa i dei ulike bokstavformene, ved overgang til samanhangande skrift, ved visse bokstavsamband og ved repetisjon av vanlege bokstavar. Før dei tek til på skolen, har somme 8. Mønsterplan. Nyn. elevar vant seg til å halde blyanten med eit forkjært grep, og det kan krevje både tolmod og oppmuntring å fa retta på dette. Grunnleggjande skriveundervisning Eit viktig moment i dei grunnleggjande skriveøvingane er at elevane får sjå skriftforminga bli utført. Øvinga kan like gjerne gå føre seg i lufta, på tavla eller på eit stort papirark som i skrivebøker. Ein skifter mellom rørsler med heile armen, håndledds og fingerrørsler, og gjer øvingane med og utan skrivereiskap. Det kan vere til hjelp under bokstavutforminga å seie korleis rørsla blir utført. Både føreøvingane og sjølve skriftforminga må i førstninga avgrensast til korte periodar. For ein stor del av elevane er det heldig at dei heilt frå først lærer å skrive utan linjer. Dermed kan ein hindre at dei blir tvinga til å velje ein bestemt skriftstorleik som ikkje fell naturleg for dei. Læraren må hjelpe kvar elev til å få bokstavane så tydelege og pene som mogeleg ved å korrigere forma, forholdet mellom over-, under- og midtleddet og hallinga. Ved overgang frå trykkbokstavar til skrivebokstavar og sidan ved overgangen til samanhangande skrift er det viktig at læraren i samarbeid med elevane finn fram til det som er nytt, og legg til rette høvelege øvingar og arbeidsoppgåver. Ein bør bruke god tid på dei ulike delane av skriveundervisninga. Det løner seg å øve inn nye typar og samanbindingar med skrivereiskap som tvingar fram store former, og som tydeleg viser korleis rørslene blir utførte. Filtpenn, feittstift, krit og pensel høver godt til slike øvingar. Skriveundervisninga vidare Når grunnskrifta er godt innøvd, kan læraren la elevane øve seg i å auke og minske skriftstorleiken til bruk for spesielle formål, t.d. stor skrift til overskrifter og til adresser på pakkar og lita skrift til utfylling av skjema, posttilvisingar 0.1. Med utgangspunkt i dei grunnformene som elevane har lært i første skoleåret, kan dei ved å endre høgda, breidda og tjukna på bokstavane og ved hjelp av ymse slag pennar skape høvelege bokstavformer til diplom og plakatar. Til visse formål vil somme elevar ha nytte av å lære teknisk skrift. Skriftvariantar og ulike skrifttypar bør elevane få kjennskap til på høgare steg, både som grunnlag for å velje ei personleg handskrift og som øving i å lese skrifta til
Skann 115 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 15

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 113». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/115/