SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 112 skann 114

112 Skriftforming MÅL Undervisninga i skriftforming har som mål å hjelpe elevane til å utvikle ei tydeleg, rask og personleg handskrift som fell naturleg for dei, lære elevane å forme skriftteikn til spesielle formål , fremme sansen for orden og for god og klår oppsetjing av skriftlege arbeid. ARBEIDS- OG LÆRESTOFF På begynnarsteget bør skriveundervisninga og leseundervisninga gå hand i hand. Dei første bokstavane elevane lærer å skrive, bør vere av same typen som dei dei lærer å lese. Skriftforminga på dette steget hjelper lydinnlæringa, men har og sin eigen funksjon. Ho er eit ledd i det skrivehygieniske arbeidet skolen skal drive på alle steg. Ein lærer først trykkbokstavane. Leseverket bør avgjere om det skal vere dei små eller dei store bokstavane. Dei må øvast inn i stort format, så elevane kan utvikle leduge skriverørsler. Etter kvart prøver ein å finne fram til ein storleik på bokstavane som fell naturleg for kvar einskild elev. Sidan lærer ein skrivebokstavar og samanhangande skrift. Tidspunktet er avhengig av den skrivemotoriske utviklinga og av leseevna til elevane. I tredje skoleåret reknar ein med at fleirtalet av elevane kan ta til å lære skrivebokstavar med enkel grunnform, det vil seie bokstavar som er lette å oppfatte og lette å forme. Samanhangande skrift tek utgangspunkt i grunnformene, som seinare kan varierast og utviklast. Når skrivedugleiken aukar, fører det til at den einskilde bokstaven i eit ord ikkje blir eit sjølvstendig teikn, slik som ved innlæringa. Bokstaven blir innordna som ledd i eit større heile, slik at skriftforminga blir flytande. For dei fleste vil høgrehallande skrift vere naturleg og fremme skrivefarten. Når grunnformene er godt innlærte, vil dei fleste elevane ha interesse av å få kjennskap til andre skrifttypar og til skrifthistorie, så dei kan ha betre grunnlag for å vurdere og utvikle si eiga skrift. Like eins har elevane bruk for å kunne lese ulike slag handskrift. Slike leseøvingar bør gå inn som ein del av skriveundervisninga. Skrifttypar til spesielle oppgåver som plakatar, diplom, diagram 0.1. bør elevane fa lære når behovet melder seg. Det same gjeld ulike måtar å setje opp slike arbeid på. ARBEIDSMÅTAR Skriverørsla frå venstre til høgre har til føresetnad at ein skriv med høgre handa. Derfor bør alltid høgre handa veljast som skrivehand når dette fell naturleg for eleven. Er venstre handa absolutt leiande, må eleven få lære å skrive med den. For somme kan det vere vanskeleg å velje ei bestemt hand. I tvilstilfelle må læraren observere vedkommande elev nøye og søkje råd hos dei føresette og skolepsykolog før eleven blir oppmuntra til å bruke ei bestemt hand. I tilvenjingstida kan det vere til hjelp å halde ein liten ting i den handa som er ledig når ein skriv. For elevar som skriv med venstre handa, kan det vere til hjelp å leggje arket slik at det hallar til høgre. Til vanleg vil det og vere lettast å skrive venstreskrå skrift for desse elevane. Læraren må vere merskam på at elevar som skriv med venstre hand, kan få ekstra vanskar med lyset på skrivearket, ved øving av samanhangande skrift og overgang til bruk av penn og blekk. Ofte vil ein venstreskoren penn eller kulepenn vere til hjelp, like eins eit grep godt oppe på skrivereiskapen. Andre elevar kan ha visse motoriske utviklingshemningar, og læraren må da gje ekstra oppmuntring og hjelp under skriveøvinga. Elevar som skifter skole, må få halde på skriftforma si og få hjelp til å utvikle ho vidare dersom skrivedugleiken er god. Råd om omlegging må i kvart tilfelle ta omsyn til klassesteget, skrivedugleiken og innstillinga hos eleven. På alle steg må ein leggje vekt på å gjere skriveundervisninga gledes- og interesseprega. Elevane vil da lettare utvikle naturleg pust, god kroppsholdning og leduge rørsler. Før elevane tek til med sjølve skriveøvingane, bør muskulaturen i arm, hand og fingrar frigjerast og øvast i dei rørslene som er nødvendige.
Skann 114 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 11

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 112». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/114/