SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 104 skann 106

104 Lesing har mykje å seie for moderne menneske. Elevane må få så gode føresetnader som mogeleg for å kunne orientere seg i den mengda av ord og bilete dei møter. Det er ikkje nok at dei far teknisk lesedugleik. Dei må frå første stund venjast til å leite etter innhaldet i det dei les. Ein må leggje stor vekt på å øve opp evna til kritisk å vurdere dei tekstane ein les. Eit anna viktig siktepunkt for leseopplæringa er å skape engasjement og leselyst. Elevane må derfor gjennom heile skoletida fa møte litteratur som gjev dei glede og oppleving, og som stimulerer leselysta. Ein bør arbeide med følgjande hovudområde i leseopplæringa: a. Studielesing b. Opplevingslesing c. Skjønnlesing Den første leseundervisninga. Før og parallelt med den første leseundervisninga må det gå eit arbeid som tek sikte på å skape grunnlaget for ei god leseopplæring. Ein del av dette arbeidet vil komme all undervisning til gode. Det gjeld utvikling av evna til å lyde, av eige talespråk, evna til å oppfatte tale, tyde bilete og til å hugse. Særleg nødvendig for den første leseundervisninga er sansetrening, trening av retningsfunksjonen venstre /høgre, koordinering auge/hand, utvikling av motorisk dugleik og rytmesans. Før den eigentlege leseundervisninga tek til, er det viktig å sikre seg at sentrale omgrep som først — i midten — sist, kort — lang, kortast - lengst, øvst - nedst og andre forholdsord er innlærte. Ein del av det førebuande arbeidet blir ei systematisk utviding av det generelle ordtilfanget. Dette kan skje ved at elevane lærer å bruke orda i tilknyting til konkrete emne. I leseundervisninga kan ein kombinere element frå ulike lesemetodar, lydmetoden, ordbiletmetoden og setningsmetoden. Ved einsidig lydmetode kan auditivt veike elevar få vanskar med lydsamanbindinga og meiningstydinga. Det kan og vere ei ulempe at metoden ikkje stimulerer til snøgg lesing av heile lesefelt. Ordbiletmetoden set store krav til visuell innprenting og til minnet, slik at elevar med visuell svikt kan få vanskar. Metoden kan gjere elevane usikre og føre til gissing. Heilordslesing, innlæring av bokstavar og samanbinding av lydar bør til vanleg gå hand i hand. Ikkjelydrette ord øver ein som ordbilete for å fremme flytande lesing og sikker rettskriving. Når den einskilde bokstaven skal lærast, vekkjer ein først interessa for bokstavlyden. Ein kan skjerpe inntrykket av lyden med små forteljingar, lydleik og rim der den aktuelle lyden er framheva. Det kan vere lettast å få tak i kvaliteten og eigenarta til ein konsonant når han kjem som siste lyden i ordet. Elevane bør få sjå i spegel og merke korleis lyden lagar seg i taleorganet. Når ein lyd er godt innlært, kan ein gjere lydinntrykket skarpare ved å samanlikne lyden med andre lydar. Å skrive bokstavar og ord bør vere eit ledd i den første leseundervisninga. Bokstavane formar ein med leduge rørsler i stort format, og assosierer stadig med lyden ved å seie og skrive han. Elevane bør arbeide med same bokstavtypane i lesing og skriving. Progresjonen i den første leseundervisninga må vere langsam, slik at ein og kan ta vare på dei aktivitetane som indirekte er med og hjelper fram leseprosessen. Det må vere spelerom for samtale, leik, dramatisk verksemd og andre samarbeidsformer. Ein må leggje stor vekt på god artikulasjon, og under høgtlesing må læraren stadig anse etter røystbruken til eleven. Slik rettleiing og øving må ein sjølvsagt halde fram med på alle klassesteg. Det er naudsynt med sterk individualisering, og ein må ta i bruk varierte metodar. Eit godt klassemiljø og gjensidig tillit vil gjere det lettare for eleven å kjenne seg fri og naturleg under slike øvingar. Det er naturleg at høgtlesing blir det vanlegaste på begynnarsteget, fordi elevane da får samsvar mellom skriftbiletet og ordet slik dei høyrer det. Ein skal ikkje krevje at alle elevar skal kunne lese høgt for ei stor gruppe på dette steget. Stillelesing må komme inn alt på første steget og bør etter kvart få ein stadig breiare plass. Læraren må stundom prøve å kontrollere og effektivisere stillelesinga med høvelege øvingar, men elevane må og få høve til fri lesing utan å måtte stå til rekneskap for kva dei har forstått. Etter kvart som lesedugleiken aukar, får stillelesinga ein stadig breiare plass. Elevane kjem med svært ulike føresetnader til leseundervisninga. Somme har lært bokstavane, andre kan alt lese. Desse må få øve seg på tilleggsmateriale som høver til det nivået dei står på, og som helst bør vere sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande. Dei som viser sviktande føresetnader, bør ein prøve å gje ekstra tilbod på dei område det gjeld å styrkje, auditive og visuelle øvingar, retningsøvingar o.a. i appellerande arbeidshefte. Leseveike elevar vil ofte blande saman formlike og lydlike bokstavar og ord, ha vanskar med samanbinding av lydar og med å oppfatte det dei les. Dei vil og kjenne ulyst og angst i samband med lesing og
Skann 106 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 104». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/106/