SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 100 skann 102

100 # Sjølvlaga artiklar og kronikkar. Leseøving som i tidlegare skoleår. Større krav til kritisk holdning. Etisk, estetisk vurdering. Sannsynsvurdering. Halde innleiing til diskusjon. Halde førebudde diskusjonsinnlegg. Sakleg debatt (dialogforma). Lesestoff og oppgåver blir differensierte etter kva elevane kan makte. Språklære: Ein repeterer emne frå tidlegare skoleår, med utviding av ordområde og syntaks. Nye emne: - fonetisk assimilasjon ved -gt, -vt, -gs - spesielle bøyingsformer (substantiv verb, adjektiv, adverb, samsvarbøying) - da/når - undersetninga -komma, kolon - ordrett tale Bruk av språket skriftleg og munnleg. Studieteknikk: Ein held fram med eit utval av oppgåvetypar frå tidlegare skoleår. Dessutan nye arbeidsmåtar: - møteteknikk - dialog og kommentar — artikkel, kronikk - fri forming av poesi og prosa - klasseavis - bruk av tabellar, katalogar, register, statistikk og grafisk framstelling - moment til oppgjeve emne, ordne og strukturere stoff (disponere) - planleggje og vurdere emneopplegg, ekskursjonar, arbeidsoppgåver - sjølvkritikk og sjølvvurdering - utviding av ordforråd : lage forklarande definisjonar 7. klassesteget Studieteknikk Arbeidet med studieteknikk held fram. Frå og med 7. klassesteget gjer ein dette meir inngåande. Ein grunngjev kort kvifor spesielle arbeidsmåtar er formålstenlege. Elevane bør få ei bok i studieteknikk, som kan dekkje dei tre siste skoleåra. Det studietekniske stoffet gjennomgår ein i førstninga av skoleåret. Arbeidet må ikkje berre byggje på den utdelte boka, men ein må dra inn alle emne som høver til det, både i norskfaget og i andre fag. Norsklæraren må gjennom heile skoleåret prøve å oppmuntre til gode arbeidsvanar, og han bør ha eit nært samarbeid med lærarar i andre fag. Hjelpeboka i studieteknikk må derfor ha øvingsstoff, men elevane bør og fa lov til å streke under og notere i lærebøkene sine. Ein bør leggje stor vekt på kritisk lesing og vurdering av innhaldet i lærebøker, dags- og vekepresse og andre publikasjonar og trykksaker. Ein kan t.d. ta til med å samanlikne korleis ulike aviser presenterer same nyhendet. Taleopplæring: På alle steg må ein leggje stor vekt på øving i munnleg framstelling. Oppgåvetypar som gjev høve til munnleg øving : Samtalar om aktuelle hendingar, forteljingar om noko elevane har vore med på eller har laga. Telefonering, meldingar. Referat, intervju, rundebordskonferansar. Dramatisk verksemd. Munnleg framstelling med stønad i bilete, kart, statistikk, diagram og anna illustrasjonsmateriale. Samtalar om eller referat frå filmar, filmsløyfer, biletband, slides, radio- og fjernsynsprogram. Å gjere greie for innhaldet i tekst ein har høyrt eller lese. Å gjere greie for resultatet av gruppearbeid. Enkle talar, t.d. velkomst- og takketalar. Elevforedrag. Diskusjonar, innleiing til diskusjonar, møteteknikk. Ein bør sjå dette i samanheng med samarbeid i skolen, og prøve å gje elevane det formelle grunnlaget for at dei skal kunne gjere seg gjeldande. Dei må få trening i å ordleggje seg, leie ein diskusjon, styre ei avrøysting og syte for at ei sak blir skikkeleg drøfta. Leseopplæring: Øving i ulike leseteknikkar. Høgtlesing og stillelesing. Lyrikklesing. Replikkforming. Sidemålslesing. Lesing av svensk og dansk. Språklære: Ordklassane. Ein må arbeide vidare med ordklassane. Men ein må ikkje gjere det for skjematisk, og leggje vekt på ordet i funksjonen, slik at elevane får sjå at ein del ord høyrer heime i fleire ordklassar alt etter bruken. Setningsledd. Ein må ta sikte på at elevane blir støe i å finne predikat, predikativ, subjekt, objekt, komplement og omsynsledd.
Skann 102 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 15

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 100». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/102/