Tida skal disponerast slik at elevane gjennom aktivt og målretta arbeid
kan skaffe seg heilskapleg og samanhengande kunnskap. Minst
20 % av det samla årstimetalet skal kvart år brukast til tema- og prosjektarbeid.
Timar til «Skolens og elevenes valg» skal som på dei andre
hovudstega disponerast av brutto timeramme for faga.
Timefordelingsplan for teiknspråk og norsk for døve
Læreplanen i teiknspråk gjeld for høyrselshemma elevar som har
teiknspråk som førstespråk. Læreplanen er lagd opp etter ei tiårsramme,
på same måten som ordinære læreplanar for fag. Elevane skal
elles ha same fag og timetal som høyrande elevar, men tilleggstimar
for opplæring i faget teiknspråk. Timetalet for teiknspråk og norsk
skal vere totalt 4 066 årstimar, fordelte slik: 2 033 + 2 033. 18 % av
dette samla timetalet kan fordelast etter dei individuelle behova elevane
har i desse faga. På ungdomssteget kan høyrselshemma elevar
velje fordjuping i teiknspråk framfor fordjuping i andre framandspråk.
Edvard Munch:
Eventyrskogen,
ca. 1903. Olje på lerret
Ungdomssteget
1.-4. klasse
5.-7. klasse
8.-10. klasse
Sum
Teiknspråk
849
459
342
1650
Norsk
697
459
494
1650
Til fordeling
310
228
228
766
Sum årstimar
1064
4066
teiknspråk og norsk
1856
1146Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 86». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/88/