SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 85 skann 87

sidemål på ungdomssteget, skal nytte dei frigitte timane til opplæring i finsk. Finskundervisninga kan vidare givast i timane til «Skolens og elevenes valg» og som tillegg til den ordinære timeplanen. Tidsbruk på hovudsteget Klasse- Skulefaga steg Temaorganisering av innhaldet og prosjektarbeid Småskulesteget Fag- og timefordelinga for småskulesteget viser i hovudsak den vekta arbeidet med faga skal ha i blant anna temaorganisert opplæring. Omsynet til fellesstoff og progresjon tilseier at dei ulike elementa i læreplanane for faga i sum får den tida timefordelinga fastset. Kvar skule må i planlegginga og gjennomføringa sikre balansen i timefordelinga mellom faga. Temaorganisert opplæring er hovudarbeidsforma, og minst 60 % av den samla tida på småskulesteget skal vere organisert slik, med særleg vekt på dei to første skuleåra. Opplæringa på småskulesteget, og særleg ved skulestart, må leggjast opp slik at dei daglege aktivitetane er organiserte på ein friare og mindre bunden måte enn slik skulen elles er oppdelt i fag og timar. Mellomsteget På mellomsteget må det innanfor den fastsette ramma for fag- og timefordeling setjast av tid til både fagleg og tverrfagleg opplæring. Samtidig som faga blir meir synlege, skal temaorganisert opplæring vidareførast, og elevane skal og få røynsle med prosjektarbeidsforma. Minst 30 % av tida skal kvart år brukast til tema- og prosjektarbeid. Det er høve til å starte med tilvalsfag innanfor «Skolens og elevenes valg». SIDE 83 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 87 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 85». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/87/