SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 60 skann 62

Språklege minoritetar Dei breie og allmenndannande måla som gjeld for grunnskulen generelt, er og grunnlaget for opplæringa for elevar frå språklege minoritetar. Opplæringa skal gjere sitt til at elevane kan delta i samfunnet som likeverdige og aktive medlemmer. Ho skal vere med og stimulere språkutviklinga til elevane ut frå dei føresetnadene kvar enkelt har. OPPVEKST- OG LÆRINGSMILJØET Gmnnskulen har eit særleg ansvar for å utvikle eit godt læringsmiljø og for å medverke til eit trygt og stimulerande oppvekstmiljø. Samarbeid i skulen og mellom skule, heim og nærmiljø er ein viktig føresetnad for ei slik utvikling. Skulen har eit særleg ansvar for at språklege og kulturelle minoritetar kjem med i dette samarbeidet. Heimen og skulen er gjensidig avhengige av kvarandre og har ei felles oppgåve i å fremje vekst og virke hos elevane. På same måten som elevane hentar røynsler frå nærmiljøet, må skulen hente tilfang til lærestoffet frå nærmiljøet og lokalsamfunnet. Heim og skule Skulen skal støtte heimen i oppfostringa av ein ny generasjon og førebu dei unge på oppgåver i samfunnet. Foreldra/dei føresette har hovudansvaret for oppsedinga av sine eigne barn, og må derfor ha medansvar i skulen. Samarbeidet mellom heimen og skulen er eit gjensidig ansvar. Skulen pliktar å leggje tilhøva til rettes slik at samarbeidet med heimen kjem i stand. Ein føresetnad for eit godt samarbeid er god kommunikasjon. Da er det første kravet at heimen får god informasjon. Foreldra/dei føresette må vite korleis opplæringa er lagd opp, kva elevane skal møte på dei ulike stega, og kva for arbeidsmåtar som skal brukast. Heimen og skulen må saman arbeide for framgang og utvikling hos elevane og halde kvarandre gjensidig informert. God kommunikasjon og kontakt mellom lærarane og foreldra til elevar frå språklege og kulturelle minoritetar er særleg viktig for samarbeidet heim - skule og for opplæringa av den enkelte eleven. Det skal leggjast til rettes for at foreldra/dei føresette kan vere aktivt med i utviklinga av skulen, men i eit omfang og på ein måte som er overkommeleg når det gjeld aktivitetar og virke. Samarbeidet skal baserast på gjensidig respekt og vilje til å setje eleven i sentrum. Elevane må ta del i samarbeidet mellom heimen og skulen som aktive og sjølvstendige deltakarar og ha høve til å vise initiativ og ta ansvar. Samarbeidet om den enkelte eleven er primært eit ansvar for klassestyraren og heimen. Saman med elevane og lærarane skal for- SIDE 60 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 62 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 60». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/62/