FORORD
Læreplanverket for grunnskulen er fastsett med heimel i lov og gjer
nærmare greie for måla og prinsippa for opplæringa. Kommunane
og leiinga og personalet ved skulane har enkeltvis og samla ansvar
for at opplæringa er i samsvar med læreplanverket.
Desse generelle måla og prinsippa ligg til grunn for den vidare
utviklinga av grunnskulen:
• Lik rett til opplæring for alle uavhengig av heimstad, kjønn, sosioøkonomisk
bakgrunn, etnisk tilhøyrsle eller funksjonsdugleik
• Ei opplæring som medverkar til eit felles kunnskaps-, verdi- og
kulturgrunnlag hos alle, og som sikrar behovet for kompetanse både
hos den enkelte og i samfunnet
• Ei opplæring der innhald, struktur, arbeidsmåtar og omsorg sikrar
at barn og unge får nytta evnene og anlegga sine, blir motiverte
til innsats og får interesse for vidare opplæring
• Ei opplæring som er best mogleg tilpassa dei lokale forholda og
alderen og føresetnadene til elevane
• Ei opplæring som gir god fagleg og pedagogisk samanheng mellom
barnehagen, grunnskulen og den vidaregåande opplæringa
• Ein skule som gir rom for lokal tilpassing av arbeidsmåtar, organisering
av opplæringa og skulefritidsordninga
• Ein skule som legg til rette for samordna og heilskapleg innsats
for lærings- og oppvekstmiljøet
• Ein skule som tek medansvar for oppvekstmiljøet og gir barn i
alderen frå seks til ni år tilbod om omsorg og tilsyn utover skuledagen
og skuleåret så langt barn og foreldre ønskjer det og treng det -
der skulefritidsordninga gir funksjonshemma og sosialt vanskelegstilte
barn gode vilkår for å ta del i samvær med andre
• Ein skule som nyttar ressursane fleksibelt og er ein sentral kulturinstitusjon
i nærmiljøet ved at han saman med foreldra byggjer
ut samarbeidet med andre etatar, kulturinstitusjonar, med nærmiljøet
og frivillige organisasjonar
Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen
Læreplanverket omfattar tre hovuddelar:
Læreplan for grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.
Generell del
Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskulen
Læreplanar for faga
Dei tre delane er samla i eit forpliktande og einskapleg læreplanverk
for opplæringa i den 10-årige grunnskulen. Intensjonane i planverket
når det gjeld informasjonsteknologi (IT), må likevel gjennomførast
gradvis og tilpassast det som er økonomisk mogleg for kommunane.
Den generelle delen av læreplanverket er innført med verknad frå
september 1993. Denne delen inneheld dei overordna måla som
opplæringa på tre utdanningsområde - grunnskulen, den vidaregåande
opplæringa og vaksenopplæringa - skal sikte mot. Dei andre
delane av læreplanverket gjeld særskilt for opplæringa i grunnskulen.Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 4». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/6/