SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 56 skann 58

Utviklinga hos barn og unge fortel oss noko om korleis skulen bør organiserast og korleis læring best kan leggjast til rette for ulike aldersgrupper. Einskapsskulen skal femne elevgrupper med eit mangfald av føresetnader og føre dei til vidare vekst og virke på tvers av ulikskapar. EINSKAPSSKULEN - FELLESSKAP OG TILPASSING Fellesskap Grunnskulen byggjer på prinsippet om einskapsskulen - om likeverdig og tilpassa opplæring for alle i eit samordna skulesystem bygd på det same læreplanverket. Grunnskulen har den same oppbygginga og strukturen alle stader i landet. Det vil seie at alle elevar i utgangspunktet følgjer det same skuleløpet og møter dei same faga. Synnøve Persen: Oktavuohta/Fellesskap, 1978. Olje på lerret Einskapsskulen skal femne alle grupper. Skulen er ein felles arbeids og møteplass. Der kjem elevane saman, lærer av og lever med ulikskap - uavhengig av kvar ein bur, sosial bakgrunn, kjønn, religion, etnisk tilhøyrsle eller funksjonsevne. Einskapsskulen skal gjere sitt til at elevane utviklar evna til å lære, vere og verke saman. Det gjer at skulen er med på å jamne ut sosial ulikskap og skape samkjensle mellom grupper. I eit fleirkulturelt samfunn skal opplæringa fremje likestilling mellom elevar med ulik bakgrunn og motverke diskriminerande holdningar. SIDE 56 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 58 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 56». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/58/