INNLEIING
Opplæringa i grunnskulen skal gi grunnleggjande kunnskap, levandegjere
kulturarven, stimulere til å ta lokalkulturen i bruk og inspirere
barn og unge til å vere aktive og skapande. Barn og unge veks
inn i eit samfunn gjennom å tileigne seg språk og symbol, verdiar
og normer, kunnskap og dugleik. Kvar generasjon må få den opplæringa
og dugleiken som skal til for å ta hand om sitt eige liv, meistre
oppgåver saman med andre og ta ansvar heime og i samfunnet. Einskapsskulen
skal sikre ei likeverdig opplæring og vere med på å gi ei
positiv identitetsutvikling.
Identitet og tilhøyrsle blir mellom anna utvikla når ein blir fortruleg
med veremåtar, normer og uttrykksformer i fellesskapet - når
ein tek opp i seg og vidareutviklar kunnskap, verdiar og holdningar.
Å vekse opp vil seie å vekse inn i felleskulturen, samtidig som ein
utviklar særpreg og eigenart. Det gir den enkelte forankring og tryggleik
i kultur og tradisjon. Felles referanserammer er eit viktig grunnlag
for mellommenneskeleg kommunikasjon og for å kunne ta aktivt
del i eit demokratisk samfunn.
Felles referanserammer gjer det mogeleg å kommunisere på tvers
av kulturelle og geografiske grenser. Skulen skal derfor vere berar både
av ein nasjonal kultur og av ein internasjonal kunnskapskultur. Samisk
er ein del av den felles norske og nordiske kulturen som alle
elevane skal bli kjende med. I ein fleirkulturell skule må fellesstoffet
femne vidt - til andre kulturar og religionar. Trykket frå ein global
mediekultur aukar. Der røynslene tidlegare i stor grad var lokalt prega,
er dei no formidla og delte på tvers av nasjonar og kontinent.
Felles referanserammer blir enda viktigare når kulturen blir internasjonalisert.
Innebygd i forståinga av likeverd ligg føresetnaden om fellesskap
mellom menneske. Likeverd er grunnlaget for prinsippet om
lik rett til opplæring i ein felles skule utan omsyn til bakgrunn eller
føresetnader. Likeverd er ikkje noko ein har - det er noko ein skaper.
Skulen skal derfor utvikle, grunngi og praktisere fellesskap og tilpassing
og fremje likestilling mellom kjønn og solidaritet på tvers av
grupper og grenser.
Læring i skulen skjer best når læringa utfyller, systematiserer og
forklarer røynsler frå familie, nærmiljø og samfunn. Skulen skal utvikle
den praktiske evna til å meistre ulike situasjonar og gi forståing
for korleis ting heng saman. Oppgåva er ikkje alltid så mykje å
gi dei rette svara som å øve opp evna til å stille spørsmål og stadig
vere nyfiken.
Skulen har eit medansvar for å skape eit godt oppvekstmiljø for
barn og unge. Det må skje ut frå det verdigrunnlaget skulen byggjer
på, og med foreldra som ein viktig samarbeidspartnar. Skulen har eit
heilskapleg fagleg og pedagogisk ansvar for opplæringa, og skal skape
eit variert og stimulerande læringsmiljø som fremjar eit rikt læringsutbytte.
SIDE 55 PRINSIPP OG RETNINGSLINJERSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 55». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/57/