SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 328 skann 334

Hovudmoment for mellomsteget, 5.-7. klasse Medråderett / opplæringa skal elevane bli engasjerte i og få høve til å vere med i planarbeidet på skulen planleggje og gjennomføre møte eller andre arrangement bruke voteringar og utvikle lojaliteten for fleirtalsvedtak, og vise respekt for mindretalet bli kjende med og kunne utnytte kommunale planar til å påverke utforminga av oppvekstmiljøet på heimstaden Samhandling I opplæringa skal elevane møte oppgåver og situasjonar som gjer det mogeleg for dei å setje seg inn i synet og holdningane til andre kunne arbeide seg opp ei forståing for kvifor ein aktivt bør gripe inn når nokon plagar eller mobbar andre, og øve opp viljen til å gjere det arbeide med tema knytte til kulturelt og individuelt mangfald Eigenutvikling I opplæringa skal elevane arbeide med å kunne skilje mellom usemje i sak og mellommenneskelege forhold få øving i å ta eit personleg standpunkt og forsvare eigne meiningar sjå at meiningsutveksling ikkje alltid fører til semje, og kunne gjere kompromiss oppleve kva det vil seie å handle på vegner av andre, ved å vere valde til ulike verv i skulesamfunnet SIDE 328 KLASSE- OG ELEVRÅDSARBEID - arbeide med å påverke og vurdere sin eigen arbeidssituasjon Hovudmoment for ungdomssteget, 8.-10. klasse Medråderett / opplæringa skal elevane vere med og vurdere og påverke innhaldet og arbeidsmåtane i opplæringa - leggje fram saker for skulen, kommunen eller andre - ta på seg oppgåver og ansvar i skulemiljøet og i nærmiljøet - invitere til samarbeid med personar og institusjonar utanfor skulen, som kommuneadministrasjonen, kommunepolitikarane, organisasjonane i arbeidslivet, lag og foreiningar - ta opp saker som er viktige for skulen og nærmiljøet eller ungdomspolitiske saker Samhandling I opplæringa skal elevane - ta ansvar for eit godt læringsmiljø i klassen - få røynsle med å skilje mellom meiningar, holdningar og fordommar, og sjå følgjer av fordomsfull framferd - møte utfordringar ved å arbeide i ulikt samansette grupper og ha ulike grupperoller - samarbeide om tiltak som motverkar mobbing - planleggje, setje i verk og vurdere konkrete tiltak for å styrkje klassemiljøet og skulemiljøet Eigenutvikling I opplæringa skal elevane arbeide med å setje ord på og gi uttrykk for eigne meiningar
Skann 334 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 328». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/334/