330
INNLEIING
Oppseding til demokrati er ei viktig oppgåve for grunnskulen. Kunnskap
om demokratiske arbeidsmåtar og avgjerdsprosessar må utfyllast
med praktisk aktivitet som gir elevane røynsle, reell medråderett
og medansvar i å forme sitt eige oppvekstmiljø og læringsmiljø.
Klasse- og elevrådet er eit interesse- og samarbeidsorgan for elev-
ane i skulen. Klasserådet er eit organ med deltakardemokrati. I klasserådet
skal elevane få praktisk kunnskap om rettar og plikter, lære å
drøfte, planleggje og medverke til initiativ og til å gjennomføre tiltak
i klassen, skulen og nærmiljøet. Elevane er saman med klassestyraren
ansvarlege for at arbeidet i klasserådet skjer slik at dei får konkrete
røynsler med kva medråderett og felles ansvar omfattar. Når ein
skal velje elevar til ulike verv i klasserådet, skal det vere ei jamn for-
deling mellom jenter og gutar.
Elevrådet er kontaktleddet mellom klasseråda og elevane og sty-
ringsorgana på skulen. Det er eit organ med representasjonsdemokrati.
For at elevrådet skal fungere etter formålet, må skulen sørgje
for at dei som blir valde inn i rådet, blir skolerte, slik at dei kan ta seg
av verva sine på ein korrekt og god måte.
Klasse- og elevrådsarbeidet er for heile grunnskulen strukturert
etter tre felles målområde:
• medråderett
• samhandling
• eigenutvikling
Måla og hovudmomenta i planen gjeld både arbeidet i klasserådet
og i elevrådet, der elevane er medlemmer direkte eller ved representasjon.
SIDE 326 KLASSE- OG ELEVRÅDSARBEIDSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 326». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/332/