SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 266 skann 272

Opplæringa i faget har som mål • at elevane skal få oppleve glede over å vere i rørsle og å meistre eit breitt utval aktivitetar gjennom utforsking, utfalding og skapande verksemd • at elevane skal få naturopplevingar og praktisk røynsle og utvikle kunnskap om og forståing for den plassen mennesket har i naturen • at elevane skal få positive røynsler med og kunnskap om ulike former for leik, idrett, dans, friluftsliv og annan fysisk aktivitet som ein del av kulturen og som eit grunnlag for ein fysisk aktiv livsstil • at elevane skal utvikle kunnskap om menneskekroppen for å forstå og respektere ulike føresetnader, og bli i stand til å ta vare på og fremje si eiga helse. Elevane skal utvikle eit positivt kroppsbilete MÅL OG HOVUDMOMENT Mål for småskulesteget 1.-4. klasse Sansemotorikk Elevane skal automatisere dei grunnleggjande rørslene sine og få stimulert heile sanseapparatet gjennom daglege aktivitetar både inne og ute. Dei skal øve opp motorisk koordinasjon slik at den fysiske dugleiken blir ein ressurs i leik, læring og samvær med andre barn. Eg og dei andre Elevane skal tileigne seg kunnskap om, bli fortrulege med og utvikle tryggleik i høve til eigen og andre sin kropp gjennom ulike former for fysisk aktivitet. Leik - kultur Elevane skal utvikle eit positivt sjølvbilete gjennom leik og byggje opp gode føresetnader for læring. Elevane skal utvikle dugleik i leik for å kunne ta del i og utvikle leikkulturen til barn. Nærmiljø og natur Elevane skal oppleve og lære å utforske naturen og utvikle kreativitet og glede over å vere i naturen, og oppleve seg som ein del av naturen. Dei skal bli kjende med nærmiljøet sitt og lære å ta vare på det. Hovudmoment for 1.-4. klasse ■ ■ 1. klasse/førskulen Sansemotorikk I opplæringa skal elevane - møte situasjonar i eit variert og allsidig rørslemiljø som gir dei høve til kreativ utprøving og utforsking av si eiga evne til rørsle i aktivitetar som stimulerer sanseapparatet og grovmotorikken og kan danne godt grunnlag for leik og læring FELLES MÅL FOR FAGET
Skann 272 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 266». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/272/