naturen og dessutan fremje omsorga for dei utsette delane av naturen.
Det kan gi elevane opplevingar og få dei til å forstå seg sjølve
som ein del av naturen, og utvikle positive holdningar hjå dei til
naturvern og til miljøvern.
Arbeidsmåtar i faget
I kroppsøving er arbeidsmåtane først og fremst knytte til fysisk aktivitet.
Arbeidsmåtane må veksle mellom friare arbeid, løysing av oppgåver
og instruksjon, og gi spelerom for eksperimentering og skapande
verksemd.
Varierte og stadige røynsler med grunnleggjande rørsler verkar
avgjerande inn på utviklinga til det einskilde barnet. Arbeidsmåtane
skal stimulere fantasien og gi elevane høve til å utvikle den fysiske
dugleiken.
Elevane bør arbeide individuelt, i grupper og på tvers av kjønn
og alder for å få ei rikare røynsle med rørsler og for betre å forstå måtar
å røre seg på, både hjå seg sjølve og hjå andre. Det hjelper og til med
å fremje eit godt klasse- og skulemiljø.
Leik skal dominere på småskulesteget og elles gjennomsyre arbeidsmåtane
på alle steg. Gjennom iver og utprøving i leik i ulike
miljø hjå barna sjølve får dei vanlegvis trena opp grunnleggjande
rørsler fram til rørslene blir automatiserte.
Samarbeid og kappestrid er ein del av kroppsøvingsfaget. Aktivitetar
der elevar konkurrerer gruppevis eller klassevis, kan vere ein
god måte å utvikle samarbeidsevne og gruppekjensle på. Å konkurrere
med seg sjølv kan verke motiverande i høve til arbeid i delar av
faget for den enkelte. Konkurransar kan ha andre og meir negative
sider som ikkje høyrer heime i kroppsøvingsfaget, og ein må ikkje
leggje vekt på ei individuell rangering av elevane. Grupper bør vere
tilfeldig samansette eller vere samansette ut frå ei vurdering gjord
av læraren. At elevar sjølve vel lag eller grupper har gitt mange ei
kjensle av å vere lite verd.
Der det er naturleg, blir arbeidsmåtane i stor grad knytte til lokalmiljøet
og til lokale tradisjonar. Ut frå eit livbergingssynspunkt
har aktivitetar i naturen og spesielt i vatn ei særstilling i skulen. Desse
aktivitetane legg eit grunnlag for å kunne ferdast trygt i naturen.
Elevane bør til vanleg tileigne seg kunnskap ut frå praktiske situasjonar.
Gjennom opplæringa må elevane få vite kva som skjer i
kroppen i samband med den fysiske aktiviteten, og dei må utvikle
kroppsmedvit i tilknyting til det å vere i rørsle. Etter kvart som elevane
blir eldre, må ein i større grad analysere og vurdere aktivitetane
deira.
Når kroppsøving er med i temaundervisning og prosjektarbeid,
er det viktig å halde i hevd eigenarten til faget, nemleg det å vere
fysisk aktiv.
SIDE 264 KROPPSØVINGSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 264». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/270/