INNLEIING
Faget sin plass i skulen
Fysisk aktivitet er ein viktig føresetnad for den fysiske, psykiske og
sosiale utviklinga til barn og unge. Endringar i levesettet og i fritidstilboda,
med færre innslag av allsidig fysisk aktivitet, gjer at stadig
fleire bruker mindre tid til fysisk arbeid, leik, idrett og friluftsliv. Skulemiljøet
må derfor inspirere og opne for ein fysisk aktiv skulekvardag.
Gode opplevingar i kroppsøving kan leggje grunnlaget for ei
positiv holdning til eigen kropp og inspirere til ein helsefremjande
livsstil. Når elevane blir trygge på sin eigen kropp, verkar det også
inn på korleis dei ser på seg sjølve, og det kan gi ro og konsentrasjon
som kjem arbeidet med andre fag til gode.
Røynslene og interessene til både jenter og gutar skal vere grunnlaget
for opplæringa i kroppsøving. Ein skal leggje vekt på at elevane
får røynsle med interesseområda til kvarandre. Eit godt og tillitsfullt
klima gjer elevane trygge, slik at dei vågar å prøve ut dugleiken
sin på område dei ikkje meistrar. Det må og vere rom for utfordringar
og spenning. Alle elevar må få opplæring i ei form for kroppsøving
som er tilpassa evnene og dei fysiske føresetnadene deira.
Barn lærer med alle sansar og gjennom å bruke kroppen aktivt.
Dei må derfor få rikeleg med tid til leik og til annan fysisk aktivitet
heile skuledagen, ikkje berre i kroppsøvingstimane og i friminutta.
Leik er å formidle tradisjonar, å gi eleven herredømme over sin eigen
kropp og å utvikle kreativitet. Leik er eit naturleg utgangspunkt
i kroppsøving og er ein viktig del av undervisninga i heile grunnskulen.
Skulen må så tidleg som mogleg finne ut korleis elevane fungerer
motorisk, og kvar elev må få opplæring med utgangspunkt i kor
dyktig han eller ho er motorisk. Skulen skal leggje forholda til rette
slik at elevane alltid kan vere med i kroppsøvinga ut frå sine eigne
fysiske føresetnader. Skulen må så langt råd er prøve å få til eit samarbeid
med foreldra om den fysiske fostringa til elevane. Foreldra bør
bli oppmuntra til aktivt å vere saman med barna i leik, dans, idrett
og friluftsliv.
Idrettskulturen er mangfaldig og varierer i utbreiing og omfang.
Det får innverknad på kva for idrettar den enkelte skulen vel. Ærleg
kappestrid, god framferd og samarbeid innanfor gitte rammer er ein
del av kjernen i idretten. Det er viktig å formidle desse holdningane
gjennom opplæringa i dei ulike aktivitetane.
Dans er ein sentral kulturaktivitet og kulturformidlar både i eit
lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Dansen gir høve til
estetiske opplevingar, skapande verksemd og forståing av rørslekvalitet.
Friluftslivet er eit viktig innslag i den norske kulturen. Opplæringa
skal fremje glede over fysisk aktivitet og over det storslåtte i
SIDE 263 KROPPSØVINGSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 263». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/269/