Opplæringa i faget har som mål
• at elevane utviklar evna til å kunne uttrykkje
seg musikalsk og meiningsfullt gjennom
spel, dans, song og annan vokal aktivitet
• at elevane opplever gleda ved å ta aktivt del
i og få medansvar for musikalsk og sosial
fellesskap gjennom song, spel og dans
• at elevane opplever og forstår at deira eigne
song-, danse- og musikkuttrykk kan ha
kvalitet og verdi, og at musikk og dans kan
skape eit grunnlag for forståing og toleran-
se
• at elevane utviklar musikalsk skjønn ved å
lytte til mange ulike typar musikk, levande
og innspelt, og ved at dei kan reflektere
over møtet sitt og omgangen sin med musikk
og verdsetje det musikalske uttrykket
til andre
• at elevane gjennom aktiv musisering og lytting
får kjennskap til ulike musikktradisjonar
i Noreg og i andre land og kulturar, til
kjende komponistar og utøvarar, til musikkhistoria
og til den rolla musikken har og har
hatt i samtid og fortid
MÅL OG HOVUDMOMENT
Mål for småskulesteget, 1.-4. klasse
Musisere og danse
Elevane skal lære seg songar og dansar frå
ulike sjangrar og tradisjonar og øve opp
evna si til å syngje og spele. Dei skal bli trygge
på si eiga song- og talestemme og på å
bruke song, spel og dans i musikalsk og
sosial samhandling.
Komponere
Elevane skal kunne utforske og leike med
lyd, tekst og rørsle og komponere med dette
materialet i enkle former. Dei skal få oppleve
og forstå at musikk kan lagast på ulike
måtar og få tiltru til sine eigne skapande
evner.
Lytte
Elevane skal lære seg å delta aktivt i ulike
lyttesituasjonar. Gjennom aktiviserande uttrykksformer
skal dei i aukande grad vise at
dei opplever og forstår. Dei skal utvikle evna
til å lytte med interesse og undring til
levande og innspelt musikk, og vise at dei
forstår at musikk kan verke på oss på ulike
måtar.
Hovudmoment for 1.-4. klasse
■ ■ 1. klasse/førskule
Musisere og danse
I opplæringa skal elevane
- lære songar og songleikar som er knytte til
ulike tverrfaglege tema, songar som eignar
seg for fellessamlingar og daglege samvær,
for leikprega aktivitetar i musikkfaget, songar
til høgtider, til dømes «Deilig er jorden»,
nasjonale songar, til dømes «Mellom bakkar
og berg», songar om dyr, til dømes «Blåmann,
Blåmann», enkle folkesongar, til
dømes «En sang til deg jeg synge vil», vogge
viser, songar og viser av kjende forfattarar
og komponistar, mellom andre Thor-
bjørn Egner
FELLES MÅL FOR FAGETSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 240». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/246/