- arbeide med spørsmål knytte til foredling
av planter og dyr, tradisjonelt og ved hjelp
av moderne genteknologi, og ta opp ulike
sider ved forsking og bruk av genteknologi
som gjeld etikk, samfunnsnytte og risiko for
helse og miljø
drøfte korleis kunnskap, forsking og teknologi
har endra levevilkåra for menneska lokalt
og globalt
drøfte tiltak som kan betre miljøet og medverke
til ei berekraftig utvikling lokalt og
globalt, til dømes ved bruk av datanett
Stoff, eigenskapar og bruk
I opplæringa skal elevane
arbeide med ein enkel modell av krinsløpet
til karbon, bli kjende med korleis olje, kol
og gass blir danna, og bruk av ulike hydrokarbon
i industri og daglegliv
bli kjende med oljeforureining og metodar
som blir brukte ved uhell med oljeutslepp
i vatn
bli kjende med vanlege organiske løysemiddel
og bli kjende med korleis ein bør handsame
dei
gjere forsøk med fullstendig og ufullstendig
forbrenning av fossilt brensel og plantemateriale
og bli kjende med den rolla oksygen
spelar i forbrenninga, med forbrenningsprodukt
og energiutbytte ved reaksjonane
gjere forsøk som illustrerer forsuring og kalking
av vatn, og bli kjende med miljøproblem
grunna forbrenningsgassar og tiltak
for å redusere problema
bli kjende med eigenskapar ved ulike typar
radioaktiv stråling, radioaktive stoff og mineral
og bruk av radioaktive stoff knytte til
samfunnsnytte og risiko for helse og miljø,
til dømes ved bruk av dataprogram
Det fysiske verdsbiletet
I opplæringa skal elevane
- saman drøfte seg fram mot ein definisjon
om kva energi er, planleggje og gjere forsøk
som viser ulike energiovergangar og ha
øving i å beskrive energiovergangane dei
observerer
- gjere seg kjende med fornybare og ikkje fornybare
energikjelder på jorda, teknologi og
framtidsutsikter i høve til energiressursar,
til dømes ved bruk av informasjonsteknologi
- bli kjende med drivhuseffekten og til effekten
av ozonlaget
- bli kjende med døme på ulike slag elektromagnetisk
stråling og kvardagsteknologi
knytt til dei
- arbeide med spørsmål knytte til nordlys og
ulike segner i samband med dette, mellom
anna samiske
- gjere seg kjende med arbeid, som kraft • veg,
og bruke dette for å finne arbeidet og energien
som blir brukt i ein aktivitet, og sjå
samanhengen mellom utført arbeid og energiinnhaldet
i mat
- observere solspekteret og spekteret frå andre
ly skj elder og samanhengen mellom lys
og fargar
- gjere forsøk med korleis auga fungerer, med
refleksjon og bryting av lys, og døme på
teknologisk bruk
SIDE 218 NATUR- OG MILJØFAGSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket