SKARD English

Læreplanverket 1997 skann 223 skann 223

arbeide med døme på enkle ionesambindingar, og gjere forsøk med leiing av straum i væske gjere illustrerande forsøk med elektrolyse og arbeide med lett observerbare effektar av elektrolyse og døme på bruk av dette i samfunnet gjere forsøk som viser fysiske og kjemiske eigenskapar for nokre metall, arbeide med bruksområde og døme på utvinning av metall arbeide med faktorar som fremjar korrosjon, døme på konsekvensar og enkle metodar for å hindre korrosjon, og problem som kan komme av bruk av metall og metallsambindingar Det fysiske verdsbiletet I opplæringa skal elevane bli kjende med sentrale oppdagingar og oppfinningar knytte til elektrisitet, mellom anna statisk elektrisitet og oppdaginga av fenomenet elektrisitet arbeide med ein enkel modell for elektron i ein straumkrins og bli kjende med omgrepa straum, spenning, motstand og energioverføring planleggje og gjere forsøk med komponentar i ein enkel krins, arbeide med symbol for desse komponentane i koplingssk jerna, og gjennom forsøk få innsikt i samanhengen mellom straumstyrke og spenning og bruke måleiningar for spenning, straumstyrke, motstand og elektrisk effekt bli kjende med sikringsforskrifter ved bruk av elektrisk utstyr i heimen og få røynsle med elektriske koplingar gjere forsøk med bruk av elektrisk generator og transformator - gjere seg kjende med systemet for tilførsel av elektrisk energi i lokalmiljøet og drøfte ulike måtar for energiøkonomisering i ei hushaldning ■ ■ 10. klasse Kropp og helse I opplæringa skal elevane - gjere forsøk med stoff frå følgjande stoffgrupper: karbohydrat, alkoholar, feitt og protein, og arbeide med korleis dei ulike næringsstoffa blir brukte i kroppen - bli kjende med fordøyingssystemet, korleis kroppen skaffar seg energi og kvittar seg med avfallstoff og arbeide med spørsmål knytte til sjukdommar og kosthald - bli kjende med korleis menneska formeirar seg, og få ei enkel framstilling av menstruasjonssyklusen, befruktning og utvikling av fosteret, genar og arv - bli kjende med ulike prevensjonsmiddel og få ei enkel forklaring på korleis dei verkar - lære om seksuelt overførte sjukdommar, og drøfte korleis ein kan unngå dei -arbeide med spørsmål knytte til abort, skilnaden på spontan abort og provosert abort, og lova om sjølvbestemt abort - drøfte kva som ligg i omgrepa forelsking, kjærleik, omsorg, seksualitet, seksuell kjønnsidentitet mellom anna heterofili, homofili, seksuell lågalder, seksuell debut og sexpress Mangfaldet i naturen I opplæringa skal elevane planleggje og gjennomføre økologiske undersøkingar i eit naturområde, bli kjende med aktuelle tiltak i området og drøfte kva gjennomføring kan få å seie SIDE 217 NATUR- OG MILJØFAG
Skann 223 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, skann 223». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/223/