SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 207 skann 209

på det dei har observert, og gjennom kjeldegransking, eksperiment eller observasjon kontrollere om forklaringane held. Elevane skal øve seg i å planleggje og gjennomføre aktivitetar og forsøk. Dei skal bruke eksperimentelt utstyr. Informasjonsteknologi er eit naturleg hjelpemiddel. Denne teknologien kan brukast der det er nyttig for faget, og der det kan gi faget nye kvalitetar, til dømes når ein skriv, utvekslar informasjon med andre skular og institusjonar, bruker databasar for å søkje informasjon, legg til rette resultat, synleggjer spesielle prosessar og fenomen og bruker simuleringsmodellar. Lærestoffet på småskulesteget skal leggje vekt på opplevingar og røynsler i nærmiljøet og i kvardagen til elevane. Elevane skal aktivt ta del i å utforske verda rundt seg for å skaffe seg konkrete røynsler. På den måten utvidar dei gradvis ordforrådet sitt og utviklar ei felles omgrepsforståing. Opplevingar i naturen er eit godt utgangspunkt for tverrfagleg arbeid. Nøkkelord for småskulesteget er leik, undring, oppleving, observasjon, sortering og omgrep. På mellomsteget skal elevane arbeide meir systematisk med ulike naturfaglege emne. Dei skal få røynsle med å planleggje og gjennomføre enkle forsøk. Opplæringa skal etter kvart føre elevane inn på nye område, men mest mogleg byggje på dei røynslene elevane har frå naturen og dagleglivet. Opplevingar i naturen og nærmiljøet skal framleis prioriterast høgt. Nøkkelord for mellomsteget er undring, kreativitet, systematiske observasjonar, forsøk og lære å sjå samanhengen mellom natur, samfunn og teknologi. På ungdomssteget skal kunnskap bygd på eigne røynsler framleis vere eit berande element i opplæringa, men ny kunnskap blir i større grad presentert i form av modellar. Emne som blir mykje omtala i media, til dømes helse og livsstil, endringar i drivhuseffekten og ozonlaget, genteknologi og forvalting av ressursar, er tekne med der dei går inn i ein fagleg samanheng. Det skal hjelpe elevane til å utvikle eit grunnlag for eigne meiningar og holdningar. Øving i å drøfte interessemotsetnader, etiske sider og/eller miljøsider av aktuelle emne skal ha ein plass i opplæringa. Elevane skal få øving i å planleggje og gjennomføre aktivitetar og forsøk. Ein skal bruke ulike medium for å presentere og dokumentere funn, erfaringar og opplevingar frå feltarbeid og frå arbeid i naturfagrommet/klasserommet. Nøkkelord for ungdomssteget er å gjere systematiske undersøkingar, drøfte, kjenne seg trygge i rom der dei arbeider med naturfag, planleggje og gjennomføre forsøk, formidle resultat og lære om samanhengar mellom naturvitskap, teknologi, samfunn og miljø. SIDE 207 NATUR- OG MILJØFAG
Skann 209 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 207». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/209/