INNLEIING
Faget sin plass i skulen
Barna veks opp i eit samfunn prega av vitskap, bruk av avansert teknologi
og ein veksande vilje til å ta ansvar for naturen og det felles
livsmiljøet vårt. Ein kan vanskeleg meistre, forstå eller påverke samfunnet
i dag utan grunnleggjande kunnskap om naturvitskap og teknologi
og konsekvensane dei har for naturgrunnlaget og for miljøet.
Kunnskap om naturen og naturkreftene og bruk av ulik teknologi
formar livet vårt på same måten som det formar om naturen på
heilt gjennomgripande måtar.
Opplæring i naturvitskap og teknologi og opplæring om samanhengane
i naturen skal hjelpe elevane til å tileigne seg kunnskap,
dugleik og holdningar, slik at dei kan bli aktive samfunnsborgarar
og medverke til ei berekraftig utvikling. Skal ressursane brukast fornuftig,
og skal folk ta del i avgjerder som gjeld den felles framtida
vår, må den einskilde ha kunnskap til å forstå rekkjevidda av dei vala
andre og dei sjølve gjer.
I eit samfunnsperspektiv er vitskap og teknologi knytte til spenningar
og paradoks. Dei kan hjelpe oss til ei betre helse og til eit
meiningsfylt og verdig liv. Men dersom vitskap og teknologi ikkje
blir styrte, eller om dei blir styrte feil, kan det skade naturen og miljøet
og øydeleggje levekåra for framtidige generasjonar.
Kunnskap i naturvitskap og teknologi har endra seg gjennom
tidene, og gamle teoriar har vorte erstatta med nye. Det er ein viktig
del av den allmenne kunnskapen å kjenne til denne delen av historia
og den verdien ny kunnskap i naturvitskap og teknologi har for
samfunnet og for livsmiljøet. På same tid må ein setje dette inn i
ein etisk samanheng bygd på grunnleggjande verdiar i samfunnet
vårt.
Arbeidsmåtar i faget
Opplæringa i faget skal leggje til rette for eit breitt spekter av aktivitetar.
Sanse, observere, sortere, gjere forsøk og gjere feltarbeid, er
omgrep i mål og hovudmoment. Elevane skal på alle klassesteg drive
undersøkingar i naturen, i klasserommet eller i naturfagrommet.
I dei første åra skal opplæringa rette blikket mot nærmiljøet, for så å
vende seg utover og etter kvart få eit meir globalt perspektiv. Val av
døme, illustrasjonar, emne og organisering skal synleggjere røynslene
både til jenter og gutar i same grad. Elevane skal vere med på å
velje ut eit referanseområde i nærmiljøet som ei ramme for leik, aktivitetar
og observasjonar.
Opplæringa skal gi elevane øving i naturvitskapleg tenkjemåte
og arbeidsmåte. Elevane skal i aukande grad utvikle evna til undring
og observasjon, til å stille spørsmål og finne moglege forklaringar
SIDE 206 NATUR- OG MILJØFAGSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 206». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/208/