SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 186 skann 188

eigen kommune og landsdel og for landet i det heile få innsikt i utviklinga av norsk politikk overfor samar og kvener og i endringar i grunnsyn som har prega denne politikken. Undersøkje kva for verknad politikken til storsamfunnet har hatt og har for urbefolkninga. Få kjennskap til kva Lappe-codicillen frå 1751 har hatt å seie for utviklinga av det samiske samfunnet Geografi - ei verd av likskap og ulikskap I opplæringa skal eleven utvikle kjennskap til korleis menneska nyttar naturgrunnlaget til å skaffe seg mat, energi og andre varer. Bli kjende med ulike typar produksjon og øve seg i å bruke inndelinga i dei tre hovudtypane av næringar: primær-, sekundær- og tertiærnæring og korleis dei er endra over tid vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det får for miljø og samfunn og konfliktane dette skaper. Arbeide med omgrepa gjenbruk og resirkulering, kunne utvikle eit nyansert og realistisk syn på kva som er teknisk mogleg, og på grenser for den teknologiske utviklinga kunne utvikle oversikt over geografiske hovuddrag i Europa. Øve seg i å lokalisere dei viktigaste regionane, landa og byane i Europa, dessutan tilgrensande havområde, store fjellkjeder, innsjøar, øyar og elvar Samfunnskunnskap - deltaking og styring I opplæringa skal elevane skaffe seg innsikt i følgjer av rusmiddelbruk og røyking. Bli inviterte til å samarbeide om eit røykfritt miljø. Drøfte haldningar til fråhald, måtehald og misbruk undersøkje kva politiske parti, Sameting, Storting og regjering, Forsvaret, viktige organisasjonar og massemedia arbeider med. Drøfte formelle og uformelle maktforhold i det norske samfunnet. Bli kjende med korleis ulike pressgrupper arbeider med lobbyverksemd og folkeaksjonar og drøfte samanhengen mellom eigne interesser og omsynet til dei andre - hente inn kunnskap om lov og rett, domstolar, kriminalitet og straff. Drøfte årsaker til ulike typar kriminalitet. Vurdere korleis samfunnet reagerer på ulike lovbrot - arbeide med problemstillingar knytte til rasisme/antirasisme - setje seg inn i levekår, kultur, språk og samfunnsliv for samar i Noreg og i andre land. Bli kjende med faktorar som verkar inn på forholdet mellom samane og det norske storsamfunnet - arbeide med hovuddrag i norsk nærings- og yrkesstruktur. Vurdere den aukande omstillingstakten i næringslivet og diskutere problem og utsikter den ber i seg ■ ■ 10. klasse Historie - hovudlinjer frå om lag 1750 og fram til vår tid I opplæringa skal elevane - greie ut om og vurdere dei nasjonale og globale følgjene av den materielle voksteren i etterkrigstida og dei teknologiske nyvinningane i dei ulike primær- og sekundærnæringane og i hushaldning, transport og massemedium arbeide med utviklingslinjer i det norske samfunnet i etterkrigsåra med vekt på framvoksteren av velferdsstaten. Gjere seg kjende med bakgrunnen for og følgjene av utdanningseksplosjonen, oljeutvinninga i Nordsjøen, den store rolla media har fått, den nye innvandringa, endringane i kjønnsrollene og familiestrukturen, synleggjeringa av den samiske kulturen og det veksande samiske medvitet. Kartleggje hovuddrag ved utviklinga i dei andre nordiske landa SIDE 186 SAMFUNNSFAG
Skann 188 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 186». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/188/