SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 185 skann 187

Geografi - ei verd av likskap og ulikskap I opplæringa skal eleven - arbeide med naturgrunnlaget - jorda som del av universet, dei indre og ytre kreftene til jorda, rørslene i luftmassane, krinsløpet til vatnet, ver, klima og vegetasjon. Undersøkje korleis ulike landskap blir danna - øve seg i å sjå samanhengar mellom natur og samfunn, utvikle innsikt i at menneska er avhengige av naturgrunnlaget og korleis menneska påverkar og endrar det. Gjere seg kjende med debatten om og få høve til å avklare eigne haldningar til desse spørsmå- la - skaffe seg oversyn over geografiske hovuddrag lokalt og i landet i det heile. Orientere seg lokalt og arbeide med å lokalisere dei store viddene, kjende fjell, innsjøar, elvar, fjordar og brear i Noreg. Øve seg i å plasse- re fylka og dei største byane på kartet Samfunnskunnskap - deltaking og styring I opplæringa skal elevane - samtale om og vurdere omgangsformer og atferdsnormer mellom jamaldrande og i familie, skule og nærmiljø. Gjere seg kjende med og drøfte rettar og plikter for barn og unge. Få røynsle med å planleggje øko- Carl von Hanno: Arbeidsløse, 1933-34. Olje på lenet nomien sin og styre forbruket sitt - undersøkje lokalt lags- og foreiningsarbeid og politisk verksemd i kommunen. Planleggje og gjennomføre arrangement basert på reglane for god møteskikk - gjere seg kjende med korleis kommunar og fylkeskommunar er organiserte. Hente informasjon om og drøfte saker som kommunestyret behandlar, til dømes vitje eit kommunestyremøte. Utforske arealbruk i kom- munen og følgje ein planprosess - søkje informasjon om det lokale arbeidslivet, organisasjonane i arbeidslivet og ulike forhold som påverkar arbeidsplassar og næringsliv i lokalsamfunnet ■ ■ 9. klasse Historie - hovudlinjer frå om lag 1 750 og fram til vår tid I opplæringa skal elevane - skaffe seg kunnskap om auken i verdshandelen, korleis det har gjort landa økonomisk avhengige av kvarandre og endra dei sosiale forholda og klasse- og lagdelinga innanfor landa - arbeide med den kommunistiske revolusjonen i Russland og utviklinga av kommunismen og sosialismen i Europa og Noreg - reflektere over idégrunnlaget for fascismen og nazismen slik at dei kan utvikle ei medviten haldning til desse ideologiane og mo- derne utløparar av dei - arbeide med krefter, konfliktar og val som førte til dei to verdskrigane, og samanhengar mellom dei. Gjere seg kjende med gang- en i krigane og vurdere følgjene av dei - søkje informasjon frå ulike kjelder, til dømes eldre menneske, museum, krigsminnesmerke, skrivne framstillingar, film og informasjonsteknologi. Arbeide med hendingar i Noreg frå den andre verdskrigen. Bli kjende med følgjer av krigen for sin SIDE 185 SAMFUNNSFAG
Skann 187 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 185». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/187/