SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 181 skann 183

Hovudmoment for 5.-7. klasse Fiske og jordbruk, 1950. Freske i Oslo Rådhus ■ ■ 5. klasse Historie - frå dei eldste tidene og fram til om lag år 1750 I opplæringa skal elevane - søkje informasjon om bronsealder og jernalder i Noreg og Norden, og om korleis bruk av ny teknologi og reiskapar gjorde livet annleis og lettare enn i steinalderen - møte to av dei store, velordna samfunna og kulturane som tidleg utvikla seg omkring dei store elvane Eufrat, Tigris, Nilen og Indus. Arbeide med korleis dei til dømes gjorde seg nytte av store flaumar, utvikla teiknsystem og reiste svære byggverk som pyra- midane Geografi - omverda vår - arbeide med typiske trekk ved liv, virke og kultur i antikken ved å leggje vekt på anten dei gamle grekarane eller på innbyggjarane i Romarriket. Frå det gamle Hellas kan elevane bli kjende med til dømes Kreta og Athen og filosofar som Sokrates og Platon, frå Romarriket kjende personar som Cæsar og Cicero, og hendingar som vulkanutbrotet i Pompeii. Bli kjende med samanhengen mellom antikken og samfunnet i dag slik han kjem til uttrykk i styre og stell, kunst og arkitektur, og møte omgrep som til dømes olympiade, maraton, spartansk og senat Elevane skal lære omverda å kjenne og kunne gjere greie for ulike landskap, ressursar, næringar og busetjingsmønster. Elevane skal utvikle kunnskap om samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetjing og levevis, og om det nære tilhøvet urfolka har til naturen. Dei skal kunne reflektere over likskapar og ulikskapar i den mangfaldige verda vår. Elevane skal lære å bruke kart og gjerne nytte informasjonsteknologi der det er til praktisk hjelp. Samfunnskunnskap - mennesket i møte med samfunnet Elevane skal utvikle evna til å sjå og reflektere over si rolle i små samfunn som familie, skule og heimstad. Dei skal bli fortrulege med og utvikle og vise respekt for demokrati, ytringsfridom og menneskeverd. Elevane skal utvikle demokratisk engasjement - evna til å ta eigne val og til å stå for dei. Geografi - omverda vår I opplæringa skal elevane - trene seg i å bruke kart, slik at dei kan bli fortrulege med dei geografiske hovuddraga i sin eigen kommune, sitt eige fylke, gran- nefylka og sitt eige land - gjere seg kjende med ulike typar landskap og sjå kva istida har hatt å seie for utviklinga av landskap på heimstaden og i landet vårt. Arbeide med landskap i heimfylket og grannefylka og med bruken av areal SIDE 181 SAMFUNNSFAG Axel Revold:
Skann 183 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 181». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/183/