SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 175 skann 177

INNLEIING Faget sin plass i skulen Eit levande folkestyre har som føresetnad at medlemmene i samfunnet kjenner til og sluttar opp om grunnleggjande demokratiske verdiar. Kvar ny generasjon må lære å ta del i og halde i hevd demokratiske spelereglar på ulike samfunnsområde. Alle elevane er samfunnsmedlemmer og skal etter kvart på ulikt vis ta del i utforminga og styringa av samfunnet. Samfunnsfaget tek sikte på å førebu elevane på ulike oppgåver i samfunnet ved å gi dei kunnskap, tru på sitt eige verd og lyst til å ta på seg oppgåver til beste for fellesskapet. Det må skje i nært samarbeid med samfunnet utanfor skulen. Kjennskap til fortida knyter menneska saman over tid. Denne kjennskapen er nødvendig for å kunne forstå og vurdere samtida og er ein viktig reiskap til å planleggje framtida med. Samfunnsfaget viser korleis menneska i møte med naturen og med kvarandre har utvikla ulike samværs- og samfunnsformer. Å utvikle eit reflektert forhold til samfunnet i fortid og notid er eit sentralt mål for samfunnsfaget. Samspelet mellom økonomi, økologi og teknologi er viktige utfordringar i vår tid. Samfunnsfaget må derfor utvikle innsikta og interessa hjå elevane for samspelet mellom menneske og natur og auke medvitet deira om livsvilkåra og levekåra til menneska. Informasjonstrykket i samfunnet har auka sterkt, og dei som er unge i dag, får mange og ofte uoversiktlege inntrykk. Bruk av ulike medium gir eit godt utgangspunkt for arbeidet med samfunnsfag. Det skal hjelpe til å gi elevane overblikk og perspektiv, og øve dei til å bli kritiske og medvitne mediebrukarar. Arbeidsmåtar i faget Arbeidsmåtane i samfunnsfaget må gi elevane høve til å utvikle fagleg innsikt, dugleik og samarbeidsevne og førebu dei til handling. Arbeidet må stimulere til undring og til å kunne stille spørsmål. Ein kan ta i bruk historiske kjelder, forteljingar og ulike framstillingar, utvikle og bruke spørjeskjema, intervju, systematiske observasjonar og samle inn materiale. Målet er også å utvikle evna til å lese, tolke og bruke kart. Elevane skal få trening i å bruke tabellar og grafiske framstillingar. For arbeidet i samfunnsfag er skulebiblioteket ei nyttig informasjonskjelde. Elevane må også få høve til å lære å argumentere, øve seg i kritisk analyse, sjølvstendig arbeid og erfare korleis dei organiserer eit arbeid saman med andre. I samfunnsfag er rollespelet og andre dramafaglege arbeidsmåtar nyttige innfallsvinklar til læring. På småskulesteget skal elevane arbeide med nærmiljøet, utforske og finne ut av forhold og fenomen i den nære verda. Dei skal for- SIDE 175 SAMFUNNSFAG
Skann 177 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 175». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/177/