SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 128 skann 130

bruk. Få røynsle med arbeidsgangen i eit prosjektarbeid arbeide med nokre trekk ved lyrikk som til dømes språklege bilete, assosiasjonsrikdom, mangfald i tyding og andre verkemiddel, og samtale om kva som gir oss estetisk oppleving når vi les skjønnlitteratur lese nokre døme på talar av nordmenn og utlendingar, til dømes Håkon 7., Fridjtof Nansen, Abraham Lincoln, Winston Churchill og Martin Luther King, drøfte bruk av verkemiddel og lære noko om retorikk arbeide med formverket i sidemålet i tilknyting til tekstar oppsummere og samle det viktigaste av det klassen har funne ut om skriftleg samhandling ■ ■ 10. klasse Lytte og tale I opplæringa skal elevane samtale om framtida, sjå tilbake og reflektere, til dømes i tale eller kåseri og samarbeide om å finne fram til meining og konklusjon i vanskeleg fagstoff vere aktivt med i reflekterande samtale om til dømes innhald, struktur og verkemiddel i litterære tekstar presentere eit prosjektarbeid, gjerne for ei aldersblanda mottakargruppe, og drøfte krav til munnleg framføring oppleve teaterframsyningar, eventuelt videoopptak, drøfte innhald og framføring. Spele teater og framføre/dramatisere/spele dramatiske tekstar av skodespelforfattarar eller tekstar dei sjølv har laga. Forme ut roller og replikkar, arbeide med stemmebruk, pausar og kroppsspråk. Få røynsle med reelle og imaginære rekvisittar SIDE 128 NORSK - sjå film og diskutere innhald og filmatiske verkemiddel Lese og skrive I opplæringa skal elevane - lese nye bøker etter eige val. Skrive vurderingar eller tilrådingar for jamaldringar - lese eit utval tekstar av forfattarar som til dømes Knut Hamsun, Sigrid Undset, Olav Duun, Cora Sandel og nyare norske forfattarar, og få innblikk i ulike menneskelagnader, arbeide fagleg med dramatiske tekstar av mellom andre Henrik Ibsen og nyare forfattarar, presentere stoffet i eit større skriftleg arbeid, til dømes som tema- eller prosjektoppgåve. Bruke røynsla frå arbeidet sitt med skjønnlitterære tekstar i eiga utprøvande skriving - lese og samtale om omsette tekstar frå andre kulturar, vere med i og lytte til framføringar og få innblikk i livsrøynsler og forståing for normer og verdiar i kulturen til andre land. Møte skriftkultur i innvandrarspråk eller i minoritetsspråk, mellom anna det samiske - skrive informative og argumenterande tekstar, få noko røynsle med å skrive til dømes søknader, formelle brev og andre sjangrar dei har bruk for, samarbeide om å lage prosjektplanar, føre dagbok i samband med eit prosjektarbeid og skrive vurderingar av arbeidsgang, produkt og læringsutbyte. Samarbeide om rettleiingsarbeid på aldersblanda skrivedagar - arbeide med god språkføring og formell dugleik i bokmål og nynorsk knytt til arbeidet med eigne tekstar - lese og vurdere tekstar og bilete i ulike typar propaganda, studere kunstbilete og skrive tekstar - bli kjende med eit utval norske aviser, arbeide med nokre avissj angrar, studere uli-
Skann 130 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 128». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/130/