SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 129 skann 131

ke tekstar i nokre aviser over eit visst tidsrom. Lage avis, gjerne med ein eigen profil Kunnskap om språk og kultur I opplæringa skal elevane - arbeide med norsk språk- og litteraturhistorie frå 1850 til i dag, og ordne kunnskapen sin om sentrale norske forfattarar i perioden. Fordjupe seg i nokre forfattarar, kva dei var opptekne av, og korleis dei skreiv. Lese om livet deira og lage seg eit bilete av forfattarane og samtida - arbeide med litteratur, litteraturhistorie og språkhistorie i samanheng og i tilknyting til tekstar dei les - granske skrifta i tidlegare tider og i andre kulturar, blant anna runer, latinsk skrift og gotisk skrift, og arbeide med skriftprøver - granske rolla til den munnlege forteljinga i vår kultur og i andre kulturar, granske nokre språklege stilarter - undersøkje språkleg variasjon i Noreg, som til dømes dialektar og sosiolektar, og drøfte den språkpolitiske situasjonen. Studere korleis språk endrar seg, sjå på lånord og nyord, internasjonalisering og påverknad frå andre språk, og finne døme på utanlandske ord og uttrykksmåtar - samle, arbeide med og vurdere eigne tekstar frå ungdomssteget for å få innsikt i si eiga skriftspråksutvikling og tekstutvikling - arbeide med dramatiske sjangrar, verkemiddel i dramatiske tekstar, framsyningar og teater. Få noko kjennskap til teaterhistorie, vurdere verkemiddel i film, forteljemåte, samspel mellom bilete, tale og lyd, og samanlikne bok og film få røynsle i å arbeide ut kriterium for å vurdere tema- og prosjektarbeid eller prosjektoppgåver - granske nokre språklege stilarter - studere språk, sjanger, vinkling, stoffutval og presentasjonsform i norske aviser - arbeide med hovudtrekka i norsk grammatikk. Bruke ordlister, oppslagsverk og annan referanselitteratur SIDE 129 NORSK
Skann 131 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 129». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/131/