SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 125 skann 127

ferdig produkt, og kunne gi og gjere seg nytte av tilbakemeldingar undervegs i skriveprosessen. Dei skal kunne vurdere sine eigne tekstar og si eiga utvikling som skrivarar. Dei skal kunne søkje informasjon ved hjelp av ulike tilgjengelege informasjonskjelder som til dømes bibliotek, arkiv og informasjonsteknologi, og lære å bruke kjeldene kritisk og sjølvstendig i sitt eige arbeid. Kunnskap om språk og kultur Elevane skal kjenne hovudtrekka i norsk språkhistorie og litteraturhistorie og vidareutvikle forståinga si av den rolla språk og tekst spelar i kultur og samfunn. Dei skal vite noko om kva som påverkar språkbruk over lengre tid, og utvikle ei medviten holdning til språkrøkt og språkutvikling. Dei skal ha kjennskap til strukturen i det norske språket, og til korleis det fungerer og blir brukt, og vidareutvikle kjennskapen til og forståinga for munnlege tradisjonar i sin eigen og andre kulturar. Elevane skal ha kunnskap om at munnlege og skriftlege sjangrar er både innhald, form og bruk. Dei skal ha innsikt i skriftleg samhandling og kunne sjå samanhengen mellom skrivesituasjon, tema, sjanger og mottakar. Dei skal kjenne til ulike medium og korleis ulike medium gjer det mogeleg å arbeide med og formidle munnlege og skriftlege tekstar, og dei skal kunne vurdere den innverknaden media har på den enkelte og på samfunnet. Hovudmoment for 8.-10. klasse ■ ■ 8. klasse Lytte og tale I opplæringa skal elevane bruke språket til utprøvande samtale, blant anna om ansvar og fridom, ærlegdom og svik, om konfliktar og om å vere sakleg og usakleg. Arbeide med innlevande og kritisk lytting, improvisasjon og rollespel vere med i litterære samtalar med si eiga oppleving av teksten som utgangspunkt - leggje fram fagstoff i grupper eller i klassen, gi og få konstruktiv tilbakemelding - syngje og danse/dramatisere nokre folkeviser og dramatisere anna folkedikting - få røynsle i å vere aktivt med i meir formelle møte og diskusjonar, bli kjende med omgrepa innlegg og replikk, ta notat og lage referat frå diskusjonar - diskutere innhaldet og verkemiddel i ungdoms og underhaldningsprogram i radio og fjernsyn -arbeide med intervjuteknikk, registrere kroppsspråk, stemningar og liknande, og leggje til rette materialet til skriftleg tekst - dikte fantastiske forteljingar og prøve ut ulike personlege forteljemåtar - få noko røynsle i å lytte til svensk og dansk språk Lese og skrive I opplæringa skal elevane - fordjupe seg i lesing over tid, til dømes leseprosjekt. Lese bøker og korttekstar som blant anna tek opp tema dei unge er opptekne av, og som kan vere viktige for identitetsutviklinga deira - lese eit utval omsette eddadikt og utdrag av sagalitteraturen. Lese tekstar av forfattarar som til dømes Petter Dass, Ludvig Holberg, Johan Herman Wessel. Arbeide med eventyr innsamla av Asbjørnsen og Moe, nokre segner, eventuelt eventyr og segner med lokal tilknyting, mellom anna samiske segner av til dømes Just Quigstad -lese noveller av forfattarar som til dømes Johan Borgen, Torborg Nedreaas, Tarjei Vesaas og eit utval tekstar med vekt på spenning og fantasi, der svenske, danske og omsette tekstar, mellom anna samiske, skal vere representerte. Skrive forteljingar og no- SIDE 125 NORSK
Skann 127 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 125». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/127/