SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 123 skann 127

ein dei skjema og det meldingssystemet som skolestyremaktene og arbeidsformidlinga har fastlagt. Etterarbeidet er viktig. Dei røynslene elevane har gjort under utplasseringa, blir kommenterte og drøfta i klassen. Ein bør også oppmode elevane kvar for seg til å ta opp med skolerådgjevaren spørsmål som gjeld utplasseringa. Det er viktig at alle elevane får vere med i den praktiske yrkesorienteringa. For dei som skal ta ei lang teoretisk utdaning før dei går inn i yrkeslivet, vil kontakten med ein arbeidsplass gje innsyn i ein hovudsektor av samfunnet som elles er stengd for dei. For elevar som om kort tid skal ut i arbeid, vil utplasseringa og etterarbeidet kunne vere ei verdfull førebuing.
Skann 127 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 123». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/127/