SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 122 skann 126

blir ein yrkesrettleiar eller ein medlem av lærlingnemnda innbeden til klassen for å gjere greie for og svare på spørsmål. Ein gjev ei orientering om viktige stipend-, stønads- og låneordningar — Statens stipendordning, Statens lånekasse for studerande ungdom osv. Elevane må lære å skrive søknader (om elevplass på vidaregåande skole, om stipend, om stilling). Ein nyttar annonsespaltene i avisene for å finne høvelege stillingar. Læraren gjennomgår søknadene, og klassen arbeider ut mønsterdisposisjonar. Ein ber yrkesrettleiaren i arbeidsformidlinga orientere klassen om den hjelpa arbeidsformidlinga kan gje. Elevane får ein stil der dei gjer greie for planane sine med omsyn til vidare utdaning og arbeidsplassering. Elevane blir oppmoda kvar for seg til å drøfte planane sine om vidareutdaning og arbeidsplassering med skolerådgjevaren, eventuelt også med yrkesrettleiaren åt arbeidsformidlinga. V. Praktisk yrkesorientering. Gjennom utplasseringa skal elevane på ein meir konkret måte bli kjende med tilhøva i arbeidslivet. Så langt det er mogleg bør elevane sjølve få høve til å velje yrkestype eller arbeidsplass. På den måten kan dei også få prøve arbeid som har direkte samanheng med det personlege yrkesønsket. Men ein må ikkje gje elevane inntrykk av at eit kort opphald på ein arbeidsplass kan skape grunnlag for «godkjenning» eller «avvising» av eit yrkesønske. Den praktiske yrkesorienteringa er ein del av undervisninga og derfor obligatorisk for elevane. Men dei føresette skal godkjenne den arbeidsplassen det er tale om. Ein kan førebels også dispensere dersom dei føresette ikkje ønskjer at barnet skal vere med i den praktiske yrkesorienteringa. Føresetnaden for at utplasseringa skal bli vellukka, er at verksemdene er positivt innstilte og nok informerte om føremålet, slik at elevane verkeleg får orientering om arbeidsmiljø og arbeidsoperasjonar. Læraren i teoretisk yrkesorientering eller skolerådgjevaren gjev på førehand ei vanleg utgreiing om korleis elevane skal oppføre seg på arbeidsplassen. Dei får også ei orientering om vernereglar o. 1. Kvar einskild elev må dessutan få detaljerte opplysningar om den aktuelle arbeidsplassen — kontaktmann, frammøte, arbeidstid osv. Elles nyttar 122
Skann 126 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 122». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/126/