20
Spørsmåla om den pedagogisk mest tenlege form for lærebøker
er sers viktige. Som Kyrkje- og undervisningsdepartementet seier i
St. meld. nr. 35 1957:
«De er lite studert i vårt land, og departementet akter å be
Norges almenvitenskapelige forskningsråd om å ta dem opp til
vitenskapelig gransking. Det er viktig at de undervisningsmetoder
som blir brukt, er effektive og hensiktsmessige. Det er like viktig
at lærebøkene gir læreren et godt utvalg av lett anvendelig verktøy,
og elevene den best mulige hjelp til opptrening av effektiv arbeidsmåte
og til innlæring av kunnskaper.»
Praktiske lærebokspørsmål for 9-årig skole er tekne opp i undervis
ningsplanane for kvar fagsektor.
Hjelperåder av ymse slag som no står til rådvelde for undervisninga
i den humanistiske, den naturvitskaplege, den estetisk-praktiske
sektoren, er blitt naudsynte aktiviseringsråder for ålmennskolen i det
moderne samfunnet. Dei nye hjelperådene er ikkje komne i staden
for læraren; heller ikkje har dei gjort arbeidet for læraren lettare.
Dei har, forutan å setje spesielle krav til innreiing av skolebygg, reist
nye problem for den daglege skoleleiinga.
Den pedagogiske skoleleiinga ber ansvar for at skolen blir driven
best mogleg i samsvar med dei siktemål som er sette. Dette krev samarbeid
med lærarkollegiet, delegering av oppgåver, samordning av tiltak,
møte med lærarane, samtiltak med elevane og samarbeid med
heimane og med lokale styremakter.
Serleg den linedelte ungdomsskolen er ei utbyding til leiar og
lærarar. Sjølve programmet for skolen bryt på ymis vis med det tradisjonelle
skoleopplegget for tilsvarande alderssteg. Nye fag-metodiske
vegar er opna. For fleire fagsektorar er undervisningsplanar utarbeidde
som byggjer på prinsippet om pedagogisk integrasjon. Undervisningsplanane
og det nye som skolen fører med seg, gjer det påkravt at lærarane
seg imellom kan få del i kvarandres røynsler og synsmåtar, t. d. i
konferansar, i kollegiale møte eller i studieringar. Forsøksverksemd
set serlege krav til læraren. Han må ha pedagogisk initiativ og fantasi,
kunne leggje opp si undervisning etter ei målsetjing, kunne organisere
arbeid og tiltak, dvs. ha evne til praktisk arbeidsleiing i skolestova
og i sjølve skolesamfunnet.Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960, s. 20». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-komplett/s/22/