21
Tiltak som gjeld elevflokken ved skolen, skolen og miljøet ikring,
kallar serleg på initiativet til leiar og lærarar. Dette vil ikkje minst
vere tiltak innetter til religiøs, moralsk, fysisk, estetisk og sosial oppseding,
og praktiske samarbeidstiltak utetter for skole og heim, skole
og trankkstyremakter, skole og yrkesliv. Skolane bør nytte ut dei
vilkår som finst på staden og syte for turvande planlegging.
Skal den g-årige skolen makte si oppgåve, er det viktig at leiar og
lærarar er personleg engasjerte når det gjeld dei mål som er sette for
skolen, dei elevar som går i skolen, dei verdiar og den ktilturtradisjon
som dei skal føre vidare til elevane sine. Dei må «øyne idealet bak
sitt virke.»
# # #
I samsvar med tilråding (1958) frå << Komiteen til å utrede spørsmål
som oppstår i forbindelse med bruken av audiovisuelle hjelpemidler
i skolen», kan det for den linedelte ungdomsskolen setjast krav til
audio-visuelle læremiddel såleis:
1) i biletbandapparat med biletbandhaldar og vekselramme for glasdiapositiv
5X5 cm
Ved større skolar: 1 apparat for kvar 10 klassar eller lærarar.
2) Mikro-ansats for same apparat.
3) Grunnstamme på 50 biletband (eventuelt diapositiv 5X5 cm).
4) 1 episkop (eventuelt epidiaskop). Apparatet må vere transportabelt.
5) Grunnstamme på 6 filmar.
6) 1 framvisingsskjerm i kvart klasserom og spesialrom der projeksjonsapparat
blir brukte, eventuelt 1 transportabel duk pr. filmapparat.
Storleik 2 X 2 m.
7) 1 enkelt omspolingsapparat.
8) 1 filmopptakar.
9) 1 radioapparat for kvar 7 klassar eller lærarar
10) 1 magnetofon. Ved større skolar minst 1 apparat for kvar 7 klassar
eller lærarar.
10—15 lydband til arkivering, alt etter storleiken på skolen, pluss
1 lydband for kvar lærar.Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960, s. 21». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-komplett/s/23/