2 v
17
kunnskap om familien og innsyn i den funksjon som heimen har i
det store samfunnet, som økonomisk eining, som arbeidsplass og som
samfunnsinstitusjon. Skolen kan og hjelpe til å førebu born og ungdom
for dei mange praktiske oppgåver og gjeremål i heimen. Det er elles
ei viktig oppgåve for skolen, saman med foreldra, å lære dei unge å
forstå det moralske grunnlaget for heimen og pliktene til dei einskilde
familiemedlemene, og hjelpe til å fremje vyrdnad mellom familiemedlemer
og vilje til samarbeid.
Etter kvart som arbeidstida er blitt stuttare, er det blitt eit problem
for mange korleis dei best kan nytte fritida. Utnyttinga av fritida er
blitt eit sosialt problem.
Skolen må her vere med å vise veg til verdfulle fritidssyslar og
stimulere til positive fritidsinteresser og vanar. Høve til dette byd
seg fram i dei fleste fag i skolen. I litteratur- og musikkundervisninga
t. d. er eit viktig siktemål å utvikle sans for god litteratur og musikk
og den glede kunsten kan gje. Å stimulere interessa og fremje gode
fritidsvanar er elles framfor alt eit føremål for dei fritidstiltak mellom
elevane som bør vere ein fast og integrerande del av skolens program.
Ein skole for alle kan ikkje setje opp absolutte, generelle mål for
kunnskapar og tame. Skolen skal gje vokstervilkår for evnene, kjenslene
og karakteren hos dei unge, for dan menneskelege livsdugleik i vidaste
meining. Skolen tek sikte på heile personlegdomen.
Undervisning og oppseding.
Tilfanget i undervisningsplanane for forsøk med 9-årig skole er
som i tidlegare planar bytt på ulike fag. Nytt tilfang er komi til, serleg
gjeld dette heimkunnskap, forming, musikk, yrkesorienterande fag,
tiltak i skolesamfunnet, rådgjeving og yrkesorientering. Gamalt tilfang
er omskipa, og nye metodiske vegar er utstaka.
Eit hovudvilkår for at den 9-årige skolen skal kunne førast fram
etter planane, er skolebygg med føremålstenleg innreiing og utstyr.
Skolebygningen skal stette dei fagleg-pedagogiske krav som er sette;
han skal vere ein dagleg arbeidsstad som gjev vilkår for tenlege arbeidsformer
; han skal vere veksestaden for born og ungdom; han skal vere
eit instrument til innviing i samarbeid og demokratisk samfunnsliv,
i ålmennkultur for nye ætter av menneske.
Kvar linedelt ungdomsskole vil trenge eit pedagogisk tenestesentrum
for læremiddel og utstyr. Biblioteket, sjølve hjarta i skolen,Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960, s. 17». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-komplett/s/19/