SKARD English

Forsøksplanen 1960 s. 16 skann 18

16 Det er truleg grunn til å rekne med at ein stendig aukande del av dei som går ut or 9-års-skolen, kjem til å halde fram i vidaregåande skolar, gymnas og universitet og høgskolar og yrkesskolar av ymse slag. Men mange kjem til å gå beinveges ut i yrkeslivet og få si yrkesutdaning der. For all denne ulike vidare-utdaninga skal den 9-årige skolen gje utgangsstilling. Som det heiter i Ot.prp. nr. 30 1958: «Den 9-årige skolen skal gje eit godt grunnlag for gymnasutdaning og for yrkes- og fagutdaning, i fagskolar for landbruk, fiske, husstell, helsestell, samferdsle, handel og kontorarbeid, i yrkesskolar for handverk og industri og andre skolar.» I den samanhengen blir ei av oppgåvene for den 9-årige skolen å orientere om arbeidslivet i landet og den funksjon dei ymse yrke/næringar har i det økonomiske livet og i samfunnslivet i det heile. Skiftingane i det moderne samfunnet gjer seg kanskje serleg gjeldande i yrkeslivet. Sume yrke som enno er vanlege, vil truleg bli borte i framtida, andre kjem til å skifte innhald. Nye arbeidsmåtar som vi i dag veit lite om, vil vinne fram i mange yrke. Fylgjene av dette vil bli at mykje som er nyttig kunnskap i dag, vil bli avleggs om etter måten få år. Det er og vanskeleg å vite kva kunnskap og tame kvar einskild vil få bruk for i sitt yrke fram gjennom livet. For mange vil denne utviklinga føre med seg at dei, som åra går, må skifte yrke eller arbeid og lære nytt. Det dei då vil ha bruk for, er ikkje så mykje eksakte kunnskapar som evne til å lære nytt, ofte meir eller mindre på eiga hand. Det blir og mykje spørsmål om evne til å omstille seg, om initiativ, og framom alt, om gode arbeidsvanar og ei positiv innstilling til arbeidsoppgåvene. Når ålmennskolen er slutt, står den unge framfor det avgjerande valet av yrke og utdaningsveg. Han bør da i den 9-årige skolen ha fått hjelp med å finne fram til det yrket som høver best ut frå hans evner og føresetnader. Skolen skal leie den unge til å lære å kjenne og vurdere seg sjølv og sine føresetnader for dei ymse slag arbeid. Skolen skal og gje orientering om krav og arbeidsvilkår i dei ymse yrke, slik at kvar einskild på den måten kan greie å gjere eit vitug val. I tilrådinga om Lov om folkeskolen frå 1959 har Kyrkje- og undervisningsnemnda i Stortinget (Innst. O. II 1959) streka under at den nye lova m. a. tek sikte på å gjere heimkunnskap obligatorisk for gutar og gjenter. Å førebu for familielivet er sjølvsagt ei oppgåve for heimane. Ei oppgåve som serleg skolen kan ta seg av, er å gje
Skann 18 av Forsøksplanen 1960
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960, s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-komplett/s/18/