15
vidfemnande skiftingar på nær sagt alle område krev at høvet til kulturarven
blir teki opp til ny vurdering. Men samstundes er det viktig
at sansen for god tradisjon blir halden ved lag. Ei levande kjensle av
å ha del i ein kulturarv er eit vilkår for at den nye ættleden kan få
det kulturmedvitet som skolen skal hjelpe til å skape.
Den mengd av kunnskap og innsyn som er samla til vår ættled,
går sjølvsagt langt utover ramma som er sett for ein ålmennskole.
Skolen må gjere eit utval, og det er naturleg at ålmennskolen samlar
seg om dei grunnleggjande element i kulturarven, den kristne tru og
moral, dei demokratiske ideane og den vitskaplege metoden og tenkjemåten.
Samstundes er det ei oppgåve for ålmennskolen å vise vegen
til den verd av røynsle og venleik som er å finne i kunst og dikting.
Hovudsiktepunktet for all opplæring og oppseding i skolen må likevel
vere å hjelpe born og ungdom til å bli gode, gagnlege og lukkelege
menneske og gjere dei betre skikka til å meistre dei oppgåver og gjeremål
som dei vil stå framfor i livet.
Elevar i den 9-årige skolen vil med tida få sosiale og politiske
rettar og plikter som vaksne norske samfunnsborgarar. Det skolen
kan gjere for å førebu til aktiv samfunnsborgarskap, er fyrst og fremst
å gje alle elevar så god orientering som råd er om det lokale, nasjonale
og internasjonale samfunnet dei høyrer med i, institusjonar, organisasjonar
og funksjonar, og kjennskap til korleis samfunn, institusjonar
og organisasjonar har vaksi fram. Det er viktig at flest mogleg blir
aktiviserte til å interessere seg for samfunnssaker, og at dei kan nytte
reiskap til å orientere seg på eiga hand. Dei må såleis få lære korleis
dei kan skaffe seg kunnskapar om aktuelle spørsmål, og dei må få
øving i å vurdere og døme på sakleg grunnlag og mest mogleg sjølvstendig.
Skolen må og gje elevane øving i å vere med på diskusjonar,
i å leie møte av ymse slag, og i å ta avgjerder.
Det er ei oppgåve for skolen å fremje vyrdnad hos dei unge for
demokratiske ideal, og å hjelpe til å skape verdfulle atferdsmønster
for menneskeleg samvær og samliv, slik som samarbeidsevne og samarbeidsvilje,
evne og vilje til å ta saklege omsyn i avgjerder, vyrdnad
for lov og rett, tolsemd andsynes folk som er annleis, folk med anna
tru og andre meiningar.
Den 9-årige ålmennskolen skal gje yrkesorientering, ikkje yrkesutdaning.
Den rettelege 3'rkesutdaninga høyrer heime i tida etter den
9-årige skolen.Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960, s. 15». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-komplett/s/17/