SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 53 skann 55

53 som dei er særleg interesserte i. Kvar elev vel yrka sine i samråd med læraren. Det skal lagast ei arbeidsbok som inneheld avisutklipp, intervju med yrkesutøvarar, opplysningar frå Yrkeskartoteket og andre oppslagsverk osv. Denne oppgåva får elevane god tid på, f. eks. heile haustsemesteret, og dei må i stor mon arbeide heime med stoffet. Nokre skoletimar blir også nytta til oppgåvene, slik at læraren kan hjelpe til med å ordne og korrigere opplysningane. Ein bør nytte atskilleg tid til å gjennomgå sosiale og økonomiske tilhøve på arbeidsplassen. Dette stoffet kan lett bli keisamt, så dersom det er mogleg, bør klassen besøkje verksemder og på ein konkret måte bli orientert om tilhøva. Ein kan også invitere representantar for arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar til klassen. Særleg heldig vil det vere om dei to partane kan møte i klassen samstundes. Det bør leggjast vekt på former og organ for samarbeid mellom partane i arbeidslivet. Ein god del av timane i 9. klasse bør ein nytte til å gjennomgå vidareutdaning og yrkesopplæring. Studiet av ein viss skoletype bør om mogleg innleiast med besøk på ein skole som gjev den opplæringa det er tale om. Men med det vesle timetalet som står til disposisjon, kan slike besøk ofte bli vanskelege å gjennomføre. Filmar og biletband må derfor i stor mon kome i staden. Når klassen arbeider med ein viss skoletype, kan stoffet disponerast f. eks. slik: 1. Namnet på skoletypen. 2. Nærmaste skole"^skolar). 3. Linjer. 4. Yrke som linjene utdanar til. 5. Opptakingskrav. 6. Fagkrins. 7. Kor lenge utdaninga varer. 8. Økonomiske vilkår (skolepengar, internat, stipend, høve til lån o. 1.). Spesielle opplæringsordningar, i første rekkje dei som kjem under lærlinglova (handverk og industri, handel og kontor), gjennomgår ein for seg. Ein diskuterer kombinasjonen yrkesskole/bedriftsopplæring, lærekontrakt, rettar og plikter lærlingen har. Om det er nødvendig.
Skann 55 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 53». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/55/