SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 52 skann 54

52 Ein prøver heile tida å knyte yrkesorienteringa og sjølvvurderinga saman med det komande valet av fag og planar i 9. klasse. I god tid før valet skal avgjerast, må elevane få ei systematisk og detaljert orientering om øvste klassesteget, og ein må bl. a. ta sikte på å forklare innhaldet av nye fag og tilknytinga dei har til fag som elevane frå før er vel inne i. Ein må gjere greie for den kompetansen dei ulike planane har i høve til vidare utdaning og yrkesopplæring. C. Yrkesorienterande undervisning i 9. KLASSE I 9. klasse held yrkesorienteringa fram etter dei same linjene som i 8. klasse. Dessutan bør elevane få meir detaljerte opplysningar om vidaregåande utdaning og opplæring, om høve til økonomisk hjelp til vidareutdaning og om andre praktiske spørsmål som heng saman med utdaning og overgang til yrkeslivet. Klassen bør også få ei orientering om dei sosiale tilhøva på arbeidsplassen (partane i arbeidslivet, arbeidarvern, trygder, tilsetjingsformer, lønsformer o. h). Ein gjev eit oversyn over dei viktigaste skoleformene og opplæringsinstitusjonane, f. eks. etter denne planen: 1. Vidaregåande allmennutdaning. 2. Utdaning og opplæring i handverk og industri. 3. Utdaning og opplæring i landbruk. 4. Utdaning og opplæring innanfor sjøfart, fangst og fiske. 5. Utdaning og opplæring innanfor handel og kontor. 6. Utdaning og opplæring i husstell. 7. Utdaning og opplæring i helse- og barnestell. 8. Utdaning og opplæring i sivile etatar. 9. Utdaning og opplæring i forsvaret. 10. Anna utdaning og opplæring (inkl. universitets- og høgskole utdaning). Moment til arbeidsplan: I førstninga av skoleåret bør ein få ein samtale i klassen om den valsituasjonen elevane vil stå overfor i slutten av 9. klasse. Gjennom denne samtalen prøver ein å få elevane til å studere spesielle yrke, og ein gjev dei som oppgåve å lage ein grundig omtale av eit par yrke
Skann 54 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 52». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/54/