SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 49 skann 51

4 VII 49 som gjer kvar sin del av arbeidet. I Yrkeskartoteket kan ein finne dei ulike stillingane ved ein skofabrikk: modellør, skinnlagerarbeidar, tilskjerar, botnlérstansar, nåtlar, pinnar, botnar og pussar. Elevane finn liknande døme, helst frå næringslivet på heimstaden. Ein prøver å vise at yrka appellerer til ulike interesser, og at dei set ulike krav til evner, personleg legning og opplæring. Nokre kjende yrke kan omtalast for å kaste lys over dette, f. eks. barnehagelærarar, kjole- og draktsyarar, mekanikarar og jordbruksarbeidarar. Barnehagelærarane må ha ikkje lite teoretisk utdaning, dei må vere glade i born og flinke til å stelle med dei, må vere tålmodige, må like å undervise, vere rolege og avbalanserte, ha godt humør og like å røre seg. Kjoleog draktsyarane får ein del teoretisk undervisning, men mest praktisk opplæring. Dei bør vere netthendte og flinke til å teikne, må like stillesitjande arbeid innandørs. Mekanikarane får mest praktisk opplæring men også noko teoretisk. Dei må vere nokolunde netthendte og ha interesse for tekniske konstruksjonar. Dei må ikkje vere redde for å skitne seg til. Jordbruksarbeidarane får først og fremst praktisk opplæring. Dei må ha kroppsstyrke, bør vere glade i naturen, like utearbeid og fysiske pårøyningar. Frå eiga røynsle og frå brosjyrar og oppslagshefte kan elevane finne andre døme som syner kor ulike yrka er når det gjeld krav til anlegg, innsats og opplæring. Ein bør også få med nokre yrke som krev mykje teoretisk utdaning, og eit «leiaryrke». Vidare viser ein, med utgangspunkt i skolearbeidet og fritidssyslene, korleis menneska er ulike. Somme er flinke i rekning, andre i norsk, teikning, gymnastikk eller handarbeid. Somme har lett for å halde orden i sakene sine, somme er tålmodige når det gjeld å meistre rutinevorne, «keisame» arbeidsoppgåver. Somme har lett for å snakke, overtyde andre, vere saman med menneske, medan andre helst vil arbeide aleine. Somme har lett for å leie menneske, andre for å underordne seg. Somme er fysisk sterke, andre kan ha eit handikap. Ein bør vise med døme at mange yrke står opne for dei som lid av ein fysisk veikskap. Ein forklarer kor viktig det er at ein lærer seg eit yrke skikkeleg. Dei som har skaffa seg ei grundig opplæring og god praksis, eller som har vist seg stabile på arbeidsplassen, er best verna mot arbeidsløyse. Dei blir glade i yrket sitt og stolte av det. Med besøk på verksemder eller i institusjonar kan elevane få noko kjennskap til representative yrke frå kvart område. Her nyttar ein også ut røynslene frå den praktiske yrkesorienteringa.
Skann 51 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 49». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/51/