SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 48 skann 50

48 Det er viktig at ein ikkje legg for stor vekt på teoretiske evner. Yrkesorienteringa er nett eit emne der ein kan gje elevar utan gode teoretiske evner kompensasjon for dei nederlaga dei har lidi ved å bli samanlikna med klassekameratane i bokfaga. Yrkesorienteringa gjev mange høve til å peike på karakteristiske drag ved yrka som er mindre påakta i skolesituasjonen. Ein kan streke under det kravet som i mange yrke blir sett til tålmod, til truskap og grannsemd, til å kunne halde ut med rutinevorne arbeidsoperasjonar. Andre yrke har til føresetnad at ein er roleg og sindig, ikkje mister jamvekta i vanskelege situasjonar, at ein kan leie andre eller underordne seg andre osv. I visse yrke krevst stor kroppsstyrke, i andre kan det vere ein fordel å vere liten og spedbygd. Eigenskapar som elles ofte blir sedde på som mindre viktige, kan i somme yrke vere eit stort aktivum. Ein kan sikkert styrkje sjølvkjensla hos mange elevar dersom ein let dei forstå at på den rette plassen i arbeidslivet kan dei bli gode deltakarar. Ein gjennomgår dei viktigaste arbeidsformene og yrkestypane med utgangspunkt i omgrepa anlegg og interesser, f. eks. etter følgjande disposisjon (jfr. brosjyren «Vegen inn i yrkeslivet»); i) Yrke der ein får mykje med menneske å gjere (sosialt arbeid, arbeidsleiing, undervisning, salsarbeid o. m.). 2) Teknisk-mekaniske yrke og yrke som krev formsans og handlag (kvalifisert arbeid i handverk og industri o. 1.). 3) Yrke som krev snøggleik, grannsemd, ordenssans og konsentrasjon (tempoarbeid i industrien o. 1.), 4) Yrke som krev fysisk styrke (jord- og skogbruksarbeid, fiske, fangst o. m.). 5) Yrke som krev skriftleg framstilling eller talhandsaming (kontorog butikkyrke o. m.). 6) Yrke som krev akademisk eller anna vidaregåande teoretisk utdaning. Moment til arbeidsplan: Elevane skal få eit inntrykk av kor variert det moderne yrkeslivet er. (Rasjonalisering, spesialisering, differensiering.) Ein kan ta utgangspunkt i eit kjent yrke, f. eks. skomakaryrket. Tidlegare måtte ein skomakar gjere alle arbeidsoperasjonane i skotyproduksjonen. No går produksjonen oftast for seg i fabrikkar, og det er ein heil del yrkesfolk
Skann 50 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 48». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/50/