SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 27 skann 29

27 skiftingar på nær sagt alle område krev at høvet til kulturarven blir teki opp til ny vurdering. Men samstundes er det viktig at sansen for god tradisjon blir halden ved lag. Ei levande kjensle av å ha del i ein kulturarv er eit vilkår for at den nye ættleden kan få det kulturmedvitet som skolen skal hjelpe til å skape. Den mengd av kunnskap og innsyn som er samla til vår ættled, går sjølvsagt langt utover ramma som er sett for ein allmennskole. Skolen må gjere eit utval, og det er naturleg at allmennskolen samlar seg om dei grunnleggjande element i kulturarven, den kristne tru og moral, dei demokratiske idéane og den vitskaplege metoden og tenkjemåten. Samstundes er det ei oppgåve for allmennskolen å vise vegen til den verd av røynsle og venleik som er å finne i kunst og dikting. Hovudsiktepunktet for all opplæring og oppseding i skolen må likevel vere å hjelpe born og ungdom til å bli gode, gagnlege og lukkelege menneske og gjere dei betre skikka til å meistre dei oppgåver og mål som dei vil stå framfor i livet. Elevar i den 9-årige skolen vil med tida få sosiale og politiske rettar og plikter som vaksne norske samfunnsborgarar. Det skolen kan gjere for å førebu til aktiv samfunnsborgarskap, er først og fremst å gje alle elevar så god orientering som råd er om det lokale, nasjonale og internasjonale samfunnet dei høyrer med i, institusjonar, organisasjonar og funksjonar, og kjennskap til korleis samfunn, institusjonar og organisasjonar har vaksi fram. Det er viktig at flest mogleg blir aktivisert til å interessere seg for samfunnssaker, og at dei kan nytte reiskap til å orientere seg på eiga hand. Dei må såleis få lære korleis dei kan skaffe seg kunnskapar om aktuelle spørsmål, og dei må få øving i å vurdere og døme på sakleg grunnlag og mest mogleg sjølvstendig. Skolen må og gje elevane øving i å vere med på diskusjonar, i å leie møte av ymse slag, og i å ta avgjerder. Det er ei oppgåve for skolen å fremje vørdnad hos dei unge for demokratiske ideal, og å hjelpe til å skape verdfulle åtferdsmønster for menneskeleg samvære og samliv, slik som samarbeidsevne og samarbeidsvilje, evne og vilje til å ta saklege omsyn i avgjerder, vørdnad for lov og rett, tolsemd andsynes folk som er annleis, folk med anna tru og andre meiningar. Den 9-årige allmennskolen skal gje yrkesorientering, ikkje yrkesutdaning. Den rettelege yrkesutdaninga høyrer heime i tida etter den 9-årige skolen.
Skann 29 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 27». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/29/